Konkurs som gagnar Sauda

Nyheita om Glassolutions Norway sin konkurs slo ned som ei lita bombe i Sauda då dette blei kjent tysdag denne veka. I eit korona-prega lokalsamfunn med deler av næringslivet i dvale var slett ikkje tapet av meir enn 40 arbeidsplassar det ein trengde.

Gleda var derfor stor då eigarane, Svenske Mimir Investment AB, bare 48 timar seinare kunne stadfesta at glasfabrikken på Nesøyrå hadde gjenoppstått som eige selskap. Nyskapinga hadde attpåtil fått namnet SI-Glass tilbake, eit namn saudafolk flest, trass fleire namnebyte, aldri har vend seg av med å bruka.

«eigaren har tru på ei framtid for den lokale glasfabrikken»

Når konkursbuet til Glassolutions blir kjøpt opp og fabrikken i Saudasjøen straks etablert som eige selskap, er dette eit tydeleg signal om at eigarane meiner denne delen av verksemda framleis er liv laga. I salskontoret i Oslo og produksjonsavdelinga i Fredrikstad er det tydeleg at eigarane ikkje har klart å skapa berekraftig drift. Det ligg nær å tru at resultata til avdelinga i Sauda har vore med på å halda liv i søsterbedriftene. Den byrden er nyetablerte SI-Glass kvitt.

Glasfabrikken på industriområdet på Nesøyrå blei først sett i drift i januar 1986. I løpet av dei drygt 34 åra med drift har det ikkje vore fritt for utfordringar. Fabrikken har likevel, trass i ein stadig tøffare marknad, overlevd. Oppkjøpet, nyetableringa og planar om nyinvesteringar fortel tydeleg at eigaren har tru på ei framtid for den lokale glasfabrikken og er samtidig eit solid klapp på skuldra til tilsette og leiing for jobben dei har gjort.

Ein konkurs fører i utgangspunktet med seg usikkerheit og negative konsekvensar. Dei tilsette i Saudasjøen stod i eit drygt hektisk døgn med usikre framtidsutsikter på jobbmarknaden, utan mykje anna enn eit håp om ei snarleg avklaring i deira favør. Når denne avklaringa kjem alt same veka, inneber dette meir enn å behalda viktige, lokale arbeidsplassar. Med på kjøpet har ein òg fått påfyll av optimisme og framtidsvon. Dermed kjem både glasfabrikken og saudasamfunnet styrka ut av konkursen.