Påskerenn i godt lag under ei steikande aprilsol er blant dei mange hyggelege tradisjonane Sauda har å by på. Kommuneleiinga ber folk innsjå og respektera at påsken 2020 må bli utan dei vanlege samankomstane.
Påskerenn i godt lag under ei steikande aprilsol er blant dei mange hyggelege tradisjonane Sauda har å by på. Kommuneleiinga ber folk innsjå og respektera at påsken 2020 må bli utan dei vanlege samankomstane. FOTO: Knut Atle M. Seim.

– Unngå dei store samankomstane denne påska

Saudapåske er for mange einstydande med samvær med familie og venner. Ordførar Asbjørn Birkeland og rådmann Rune Kloster Tvedt ber folk om å avgrensa påskesamankomstane i år.

Påsketradisjonane med familiebesøk og mykje sosial omgang står sterkt i Sauda. Ifølge rådmann Rune Kloster Tvedt har det kome kommuneleiinga for øyrene at fleire vurderer å halda tradisjonane i hevd. Det er verken han eller ordførar Asbjørn Birkeland særleg begeistra for.

– Eg forstår godt at folk gjerne vil møtast og samlast som dei plar. Men det er bare å innsjå at denne påsken blir noko heilt annleis enn me er vande med. Slik situasjonen er, ønsker me ikkje fleire besøkande til Sauda enn høgst nødvendig, slår Birkeland fast, og viser til nasjonale råd om å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendige.

– Studentar med bustadadresse Sauda får sjølvsagt lov til komma heim til påske, men kjem ein frå område med mange smitta, bør dei avgrensa kontakten til den næraste familien, slik oppmodinga òg er til alle andre, skyt rådmannen inn.

Ordføraren fortel at det den siste tida har vore stor pågang til kommunen frå hybelbuarar og nordsjøarbeidarar med spørsmål om lokale karantenereglar. 16. mars innførte Sauda kommune obligatorisk 14 dagars karantene for personar som hadde vore utanfor fylkesgrensene, i tillegg til i ei rekke rogalandskommunar. Desse reglane oppheva kommunestyret igjen 31. mars.

Betre kapasitet

Ifølge rådmannen har Sauda per i dag god kontroll på smittesituasjonen. Han fryktar at ei påske der innbyggarar tar lettare på smitteverntiltaka og har kontakt med andre, særleg utanfrå, kan føra til ny spreiing av smitte.

– Arbeidet så langt har vore ein suksess og me har per i dag god kontroll. I tida sidan me fekk dei første smittetilfella har me òg klart å bygga opp kapasiteten innan helsevesenet, slik at me er betre rusta til å hjelpa koronasjuke saudabuar enn me var tidlegare.

– For de reknar med at fleire av innbyggarane blir smitta?

– Ja! Det blir heilt sikkert fleire etter kvart. Og blir folk sjuke, må dei ta kontakt med lege. Dei får gjerne ikkje komma til ein fysisk konsultasjon, men det finst gode løysingar utan at ein er i same rom, seier Kloster Tvedt.

Asbjørn Birkeland rosar dei tilsette i helsesektoren i Sauda for innsatsen så langt.

– Det er og blir lagt ned eit enormt arbeid i helsesektoren for å førebygga smittespreiing. Mellom anna er arbeidsdagen fleire stader omorganisert, slik at dei tilsette møter på færre personar på jobben, fortel ordføraren.

Omsyn til dei eldre

Det er særleg omsynet til den eldre delen av befolkninga og folk elles i risikogruppene at kommuneleiinga nå ber potensielle påskegjester om å bli heime.

– Me har ein stor del eldre i Sauda. Påskegjester utanfrå, også dagsturistar, utgjer ein risiko for at nokon drar med seg koronasmitte til kommunen. Får me fleire registrert smitta, aukar sjansen for at folk blir smitta og blir sjuke. Dessutan set dette i gang eit stort og ressurskrevjande arbeid med smittesporing og karantenar. Jo betre me klarer å halda nede talet på smitta, jo betre kapasitet har me til å kunna hjelpa dei som etter kvart bli sjuke, konstaterer Birkeland.

Foran den ventande påskehøgtida har rådmann Rune Kloster Tvedt ei klar oppmoding:

– Hald deg der du høyrer heime. Ta kontakt med og følg opp venner og kjende – men ikkje fysisk.

– Me som bur her i Sauda er eigentleg heldige. Me har fjellheimen som byfolka nå sit og drøymer om rett utanfor stovedøra! Nyt mulegheitene, avrundar ordførar Asbjørn Birkeland.