Dørene til biblioteket er koronastengde. Dei opnar seg imidlertid om du bestiller i Bibliofil-appen før du bankar på.
Dørene til biblioteket er koronastengde. Dei opnar seg imidlertid om du bestiller i Bibliofil-appen før du bankar på. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Stengde dører til trass – biblioteket er bare to klikk unna

Påsketid er òg tid for å lesa. Sjølv i koronatider kan dei bibliofile framleis låna bøker frå Ryfylkebiblioteket Sauda – så lenge dei har rette appen.

– Me har utlån av alt materiale som står tilgjengeleg i hyllene våre. Bestilling av bøker skjer via Bibliofil-appen eller ved å logga seg på vie biblioteket si nettside, opplyser formidlar Sveinung Helgesen ved Ryfylkebiblioteket Sauda.

Når bestillinga er registrert og bøkene klare for henting, får bestillaren SMS frå biblioteket. Dei bestilte bøkene hentar ein ved å banka på døra til biblioteket. Innlevering skjer gjennom luka i veggen.

– Me desinfiserer alle bøkene som kjem inn før dei hamnar i hyllene igjen, forklarer Helgesen.

Grunna tiltak mot spreiing av koronasmitte, er all transport av bøker mellom biblioteka stansa. Tilbodet til dei som vil ha ei fysisk bok å lesa i, er med andre ord avgrensa til det som alt er å finna i det lokale biblioteket. Ifølge Helgesen dreier det seg om noko i nærleiken av 16 000 titlar.

E-bok og lydbok

Denne veka blei det lansert ein ny app der ein kan låna e-bøker og lydbøker elektronisk. Denne heiter Allbok. Alle kommunane i Rogaland er med på ei fellesdugnad der det blir spytta inn ekstra midlar til innkjøp av bøker som skal gjerast tilgjengeleg digitalt. Dette kjem i tillegg til alt tildelte midlar frå Nasjonalbiblioteket.

– Me prøver så godt me kan å formidla dei ulike digitale tenestene og arrangementa som biblioteka og Nasjonalbiblioteket har tilgjengeleg for publikum. Det blir å tenka litt utanfor boksen i høve til det me er vande med, men det må ein jo i mange bransjar om dagen, slår Helgesen fast.

For fleire i den eldre garden kan det gjerne synast vanskeleg å låna bøker, anten fysiske eller elektroniske, via digitale løysingar.

– Spør ungdommen om hjelp til å komma i gang! Yngre familiemedlemmer er sikkert meir enn glade for å kunna hjelpa til, avrundar Sveinung Helgesen ved Ryfylkebiblioteket Sauda av.