Gondol i Svandal

Eg skreiv eit innlegg før påske om gondol. No vil eg utdjupa det litt og forklara kvifor eg meinar det er betre å laga veg mellom Kro og Djuvsbotn enn å bruka gondol på  den strekninga.

Først vil eg seia at eg slett ikkje er imot gondol, og at eg er for utbygging i Svandal. Ingenting hadde gleda meg meir enn at det kunne bli eit endå betre og flottare skianlegg i Svandal, til glede for heile Sauda og mange fleire. 

Ein gondol eller stolheis vil krevja eit heilt anna vedlikehald og gi meirutgifter for å stetta krava til sikkerheit, sertifisering og bemanning. Dette vil gjera det dyrt å leiga og driva. Skal det byggjast ut med trekk, heisar, varmestove, toalett og lager i Djuvsbotn, blir det ikkje driftsdagar eller turistar nok til å få drifta det lønsamt. I allefall slik det ser ut i dag.

Mitt forslag er: La trekka i Djuvslia vera som i dag. Men eit lite tallerkentrekk frå der pomatrekket  ein gong enda, og opp til Rundatjødna, det hadde vore toppers. Det trekket er det viktigaste nyanlegget og det billegaste som trengs nå.

Bygg veg langs Askejuvet til Djuvsbotn. De vil komma langt med veg og parkeringsplasser for rundt 15 millionar kroner.Bruk heller dei store pengene i Djuvsbotn.

Apropos pengar. I dag er det in med småkraftverk. I Djuvsbotn renn ei fin lita elv som eignar seg godt til å laga straum av. På vestsida av elva,  altså i Djuvslia, der eg ser for meg at det kan lagast veg, der er det òg ypperlig å grava ned ei røyrgate for småkraft parallellt med vegen. For å grava ned røyr trengs det ein skikkeleg veg. Då kunne desse to prosjekta samordnast. Om det er interesse for kraftverk, eller om det i det heile teke er mulig å få konsesjon for det  veit eg ikkje, men det går det an å finna  ut av.

I allefall er det lurt å ha litt is i magen og ikkje gå for fort fram. Det ville vore trasig om ein hadde bygd ein spinndyr heis/gondol, og så kom det veg rett etterpå som gjorde heisen overflødig.

Vegen vil liggja i terrenget ut mot elva og ikkje berøra alpinbakkane. Den må ha god standard, vera sikker og med god bredde. Ha god framkommelegheit for bussar og store køyretøy som kan køyra som tilførsel og mata trekka i Djuvsbotn og kanskje ein gondol der seinare. Og for eksempel når det er lite snø nede eller når det er behov for køyring med store bilar som fraktar materialar til bygga, heisane og til å få opp utstyr til skianlegga der, og til varer som trengs til drifta. Ellers til alle entreprenørane som skal ferdigstilla anlegga i Djuvsbotn.

Då er det ikkje behov for 1 000 parkeringsplassar. Vegen kan lagast breiare dei siste cirka 200-300 metrane, for parkering langs vegen, og den treng ikkje vera open for vanleg motorisert ferdsel heilt inn.

 Ein gondol må alltid ha nokon som har lov til, og kan køyra den. Vegen ligg alltid der og kan brukast av alle. Til og med som skiløype når det er mykje snø og vegen ikkje treng å brøytast. Det blir sikkert òg bruk for meir straum i Djuvsbotn. Kloakk og breidband kan leggjast langs vegen samtidig. Det er ikkje så dumt med veg, når den kan brukast til så mykje. I tillegg kan hyttene langs vegen og ha bruk for den. Kanskje den òg kan gi utløysing for fleire hytter langs Askejuvet.

Eigentleg har eg ingenting med å blanda meg i kva andre held på med. Men du og du kor freistande det er somme tider. Siste ordet er nok ikkje sagt om gondol og veg i Svandal. Eg gler meg.

Ha ein god sommar.