Tidenes festbrems

Primstaven er snudd over til sommarhalvår, vårblomane kikkar opp frå dvalen og vinterfrosne nordmenn parkerer luer og skjerf for denne gongen. Ikkje minst blir folk meir sosiale og tar gjerne ein kopp kaffi på terrassen til naboen eller ein utepils i godt lag medan aprilsola startar jobben med å retusjera vinterbleik hud. I år må folk imidlertid nyta våren åleine. Nesten, i alle fall.

For eitt av dei sikraste vårteikna, russen, er tida mellom påsken og nasjonaldagen sjølve høgtida. Då skal slutten på 13 års skulegang markerast og feirast ­– i fellesskap.

«Det har ingenting med hysteri å gjera å ta smittevernråda på alvor»

Det er ikkje vanskeleg å ha sympati med årets russ, som klokeleg nok har avlyst ei feiring mange har gledd seg lenge til. Og det er forståeleg om både russen og andre festglade sambygdingar føler seg snytt når styresmaktene slår fast at ein ikkje skal samlast meir enn fem personar – og i tillegg sitta minst to meter frå kvarandre.

Mennesket er eit sosialt dyr, enkelte sjølvsagt meir enn andre, og søker gjerne saman i flokk. I år gjeld det å styra den sosiale trongen.

Sauda har så langt sleppt billeg i høve til koronaviruset. Dei tre personane som testa positivt for viruset alt i starten av pandemien er så langt dei einaste registrerte smittetilfella i kommunen. Under slike føresetnader er det til ein viss grad forståeleg dersom enkelte bagatelliserer smittefaren og sjølv definerer kva som er greitt å gjera eller ikkje. Det skal imidlertid ikkje meir enn ein einaste smitta person til i eit rom med mange personar til stades for i løpet av nokre dagar å smitta fleire hundre personar og med det setta heile det lokale helsevesenet sjakk matt. Eit hint om kor smittsamt dette viruset er fekk ein nyleg i Sarpsborg, der både aktor, tiltalte, forsvararar, meddommarar og ein observatør pådrog seg koronavirus under ei rettssak – sjølv om det var sett i verk strenge smittetiltak..

Det har ingenting med hysteri å gjera å ta smittevernråda på alvor. Det handlar om å spela på lag – å ta del i den nasjonale dugnaden – og slik visa omsyn til alle rundt seg. Å ufarleggjera smitte for å legitimera handlingar der ein går imot nasjonale råd, blir som å pissa i buksa for å halda varmen. Samtidig kan ein slik bidra til at det går lengre tid før me kan byrja å «leva» igjen.

Enn så lenge, får me akseptera at koronaviruset fungerer som tidenes festbrems.