Vinteren ville ikkje sleppa taket heilt i mars og kom med fleire snøfall i Sauda, som her, 29. mars. Snøen i låglandet forsvann raskt, medan det nå blir meldt om mykje snø i høgda.
Vinteren ville ikkje sleppa taket heilt i mars og kom med fleire snøfall i Sauda, som her, 29. mars. Snøen i låglandet forsvann raskt, medan det nå blir meldt om mykje snø i høgda. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Mildt og vått – men ganske normalt

Vêret i mars i tråd med ny «normal».

Med ein månadstemperatur på 3,3 grader var mars 1,9 grader varmare i Sauda enn normalen frå åra 1961-1990, går det fram i månadsstatistikken til Meteorologisk institutt. Månadens varmaste dag var kom tysdag 24. mars, då maksimumstemperaturen nådde 11,2 grader. Temperaturen kraup under frysepunktet ti dagar med -5,4 grader 14. mars som den kaldaste.

I løpet av månaden fell det til saman 275,1 millimeter nedbør, noko som er 157 prosent av normalen. Ein heil del av denne nedbøren kom som snø. Denne la seg i høgdene, men smelta fort då han landa på barmark i lågareliggande strøk. Nedbøren fordelte seg over 21 dagar med 40,8 millimeter 9. mars som den våtaste.

For heile Norge var mars 2,4 grader over normalen med 70 prosent meir nedbør enn gjennomsnittet. Tafjord i Møre og Romsdal målte 16,8 grader 25. mars som den høgaste temperaturen, Cuovdaddatmohkki (Karasjok, Troms og Finnmark) toppa andre vegen med -35,0 grader målt 4. mars. Middeltemperaturen for Svalbard Lufthavn enda på -16,2 grader og kom med det under normalen for første gong sidan november 2010.

I 2021 blir nåverande «normal» lagt i skuffa til fordel for ein ny, basert på tidsperioden 1991-2020. Den nye normalen viser eit land som har blitt varmare og våtare enn i den føregåande 30-årsperioden, med lokale variasjonar.

Saudavêret i mars 2020 er betydeleg nærare den nye normalen enn den gamle.