Kom deg ut!

Det er beint fram kjedeleg og på grensa til deprimerande når både arbeid og fritidsaktivitetar blir avgrensa og avlyst, slik som tilfellet har vore den siste månaden. Likevel kan kvar og ein av oss ha godt av å bli tvungne til å tenka nytt ein gong i blant. Og ikkje minst tenka mulegheiter – ikkje avgrensingar.

Våren er kanskje den aller flottaste årstida her i Sauda. Å sjå naturen vakna til liv og mala tre og hagar grøne, omkransa av majestetiske, kvite fjell, med ei stadig varmare vårsol på himmelen, stort betre kan det ikkje bli. Slikt gir både livslyst, glede og entusiasme. Og på langtidsvarselet er det knapt regndropen å sjå.

«Våren er kanskje den aller flottaste årstida her i Sauda»

Denne våren vil mange saudabuar ha litt ekstra tid til rådvelde. Den bør du mellom anna nytta til å gjera deg betre kjend i din eigen heimkommune! Rundt omkring oss finst det tallause turområde, merka turstiar, kvilebenkar, utsiktspunkt og gapahukar med benker og grillar. Her har eldsjeler og velforeiningar lagt ned timevis med arbeid for å gi oss andre flotte turopplevingar. Felles for alle desse turane er at det er naturopplevinga, at du sjølv er der, som gjeld. Tusen bilde frå Rondehauen, eller Brekkehammaren, for den del, kan ikkje erstatta den fantastiske kjensla det er å sjå, høyra og lukta våren ute i naturen.

«omkring oss finst det tallause turområde, merka turstiar…»

I Sauda er me òg så heldige at skientusiastane ennå har fleire månader igjen med gode mulegheiter for godt føre og milevis med kvite vidder og bakkar å boltra seg i.

For dei som ønsker utfordringar ut over det å ta seg fram i kjende og ukjende område, ligg det geocachar gøymd i heile kommunen, du kan jakta på Pokèmonar kor som helst, orienteringsklubben legg ut løyper som alle kan gi seg i kast med og Friluftsrådet Vest arrangerer Telltur, for å nemna nokre få.

Korona-tida er eit glimrande høve til å lokka med seg familien ut på tur. Nyt derfor Sauda-våren i fulle andedrag saman med dine næraste. Du blir gjerne både andpusten, sveitt og våt på beina, men du kjem aldri til å angra på tida du brukte på å vera ute i naturen.

Sunt skal det òg vera.