Grei erstatning – men ikkje meir

«Opp, alle jordens bundne trelle!». Men held dykk heime. For i år blir det verken talar, parolar, appellar, eller allsong leia av mannskoret å høyra i arbeidarrørsla si stavkyrkje på 1. mai.

Markeringa av den internasjonale arbeidardagen har lange og stolte tradisjonar i Sauda. Mange minnest ennå storheitstida i etterkrigsåra, då 1. mai-feiringa var heilt på høgda med feiringa av nasjonaldagen – og vel så det. I takt med stadig aukande velstand, også blant «de som sulten knuget har», og nedgang i talet på tilsette ved smelteverket, har engasjementet og oppslutninga om dagen med åra blitt betydeleg mindre enn den gongen. Det måtte likevel ein pandemi til for å stoppa den tradisjonsrike markeringa, slik ein kjenner ho.

«ikkje i arbeidarrørsla sin natur å gi seg utan sverdslag»

Det ligg sjølvsagt ikkje i arbeidarrørsla sin natur å gi seg utan sverdslag. Det blir sjølvsagt markering av 1. mai i Sauda også dette året. Som så mykje anna om dagen, blir imidlertid også denne digital. Dermed kjem Anniken Huitfeldt, Mimir Kristjánsson og Ingrid Fiskaa heim til saudabuen. Og kransenedleggingane, både på Rådhusplassen og i Ytrabygdå kan følgast frå godstolen – viss alt går etter planen.

Denne våren har samfunnet verkeleg fått prøvd ut mulegheitene dagens digitale løysingar legg til rette for når det gjeld møteverksemd. Knapt eit møte har blitt halde med deltakarane fysisk til stade den siste månaden. For ein distriktskommune som Sauda er erfaringane dette gir særleg interessante. Å sleppa å reisa til fylkeshovudstaden på eit halvannan time langt møte, for eksempel, gir store gevinstar både i tid og pengar. På den andre sida kan det å sitta lenge i slike digitale møte vera både uvant og slitsamt.

«Knapt eit møte har blitt halde med deltakarane fysisk til stade den siste månaden»

Markering av dagar som 1. mai og 17. mai handlar sjølvsagt om meir enn bare det som kan festast på papiret eller på film. Fellesskapen, det å oppleva noko saman, er eit viktig aspekt som ein med dagens teknologi ikkje klarer å formidla digitalt. Det same gjeld for gudstenester, politiske møte og andre samanhengar der folk til vanleg kjem saman.

Dette året er dei digitale variantane i mange tilfelle dei einaste gjennomførbare. Det positive er at ein skaffar seg verdfull erfaring med kva tid det fungerer å møtast via dataskjermen og i kva tilfelle dette er lite hensiktsmessig. Det er kunnskap som blir nyttig, når alt ein gong blir normalt igjen.