Håvard Handeland.
Håvard Handeland. FOTO: Ingvil Bakka.

– Helgane er ikkje som dei ein gong var

Koronatida får det nesten til å verka som det er helg heile tida, synest nestleiar i Ungdomsrådet, Håvard Handeland.

Namn: Håvard Handland

Alder: 15 år.

Yrke: Skuleelev, nestleiar i Sauda ungdomsråd.

Korleis ser veka di ut?

– Vekene ser nokså like ut for tida. Eg står opp tidleg, har heimeskule, er ute med venner på ettermiddagen og tar det roleg heime på kvelden. I går, måndag, var det møte i ungdomsrådet, eit møte som blei halde via messenger.

Kva er helgeplanane dine?

– Helgane er ikkje som det ein gong var lenger. Det oppleves nesten som helg heile tida, sett bort frå skulearbeidet. Eg trur kanskje det blir skitur på Breiborg, slik eg var nå i helga som var.

Kva gjer du på fritida?

– Eg speler piano og gitar, speler fotball og er med venner.

Kven vil du framsnakka?

– Pianolæraren min, James Clapperton. Han er frå Skottland og har laga mange øvingsopplegg for meg og har hjelpt meg mykje. I tillegg vil eg skryt av mamma. Ho er på jobb og kjem heim og lager middag til oss og ryddar og ordnar i huset. Ho fortener ros, synest eg.

Kva er luksus for deg?

– For å vera heilt ærleg: Når skulen blei stengt, tenkte eg at det blei skikkeleg luksus. Men så blei det litt kjedeleg óg, spesielt då Frisk & Rask også var stengt…. Og frisørane… Eg har fått ein kamerat til å klippa meg, og det blei ikkje suksess. Eg er litt lei. Men heimeskule går jo greitt, så pittelitt luksus er det.

Kva hugsar du best frå i fjor?

– Noko eg faktisk tenker på kvar einaste dag: Eg og besten var ute og sette garn. Etterpå fiska me litt, då me oppdaga at det rykka i garnet. Besten ville dra opp og sjekka, men eg sa me måtte venta. Då me sjekka dagen etterpå, var det 50-60 store karper. Men alt, både fisk og garn, var øydelagt. Det irriterer meg ennå. Dette var i mai, same månad som eg hadde konfirmasjonen min. Den hugsar eg sjølvsagt også godt!

Kva et du i lunsjen?

– Akkurat nå har eg dilla på sånn Rett i koppen-tomatsuppe. Elles går det i brødskiver.

Korleis hadde du vore som ordførar?

– Eg? Eg trur eg hadde vore god, faktisk! Fordi eg er bestemt og ikkje redd for å seia meininga mi og ta kontroll. Eg liker politikk, det er derfor eg er med i ungdomsrådet.

Kva er det beste med Sauda?

– At det ikkje er for lite eller for stort. Me har kort veg til alt og mange flotte turmulegheiter.

Kva saknar du i Sauda?

– Eigentleg har me alt me treng. Men kanskje ein bowlingbane, ein McDonalds eller fleire butikkar.