Kva hadde lokalsamfunn som Sauda vore utan alle ja-menneska? Dei som meir enn gjerne stiller opp på dugnad og gjer ein innsats for å hjelpa og gleda andre.
Spørsmålet kunne like gjerne blitt stilt korleis Sauda hadde vore utan Saudadagane, utan det velstelte, flotte området ved Andedammane, utan oppkjørte skiløyper, Hovlandsnuten Opp, Rondehaugen, sykkelrittet Haugesund-Sauda, Annas kafé og Saudatreffen. Lista er sjølvsagt mykje lenger, men desse får stå som gode eksempel.
«tusenvis av dugnadstimar i lag og organisasjonar»
Kvart år blir det i tillegg lagt ned tusenvis av dugnadstimar i lag og organisasjonar innan kultur, helse, idrett og friluftsliv. Treningar, kampar, øvingar, konsertar, turarrangement og møte lagar seg ikkje sjølv. Og så må nokon skaffa pengar til å betala for gildet. Nokon må stå for det. Og desse nokon – det er ja-menneska. Dei som bakar kaker, kokar kaffi, står i kiosken, stiller som vakter, samlar inn startnummer, er sjåfør, kjører løypemaskin, svingar malarkosten og sel lodd. Og dei som planlegg det heile, ordnar ting og tang som trengst av stort og smått og sørger for at alle oppgåver blir ivaretatt.
«Dugnadsånda er i høgste grad levande»
Dugnadsånda er i høgste grad levande i Sauda. Utan den hadde samfunnet her sett heilt annleis ut. Fattigare, mindre velstelt, mindre aktivt, kjedelegare og kaldare. Dugnad er kultur, og er det èin kultur det er viktig å vidareføra og få med dei yngre generasjonane på, så er det dugnadskulturen. Det å kunna stilla opp og ta eit tak utan anna vederlag enn gleda av å bidra.
Å heidra menneske som gleder andre gjennom ueigennyttig innsats, slik Sauda kommune gjer gjennom Eldsjelprisen er ein fin gest. Mange av ja-menneska arbeider i det stille, utan å villa stikka seg fram. Men dei fortener å bli lagt merke til og å få sin velfortente ros.
Gratulerer med eldsjelprisen, Leif Gunnar Mo.