Ordførar Jakob Remseth, kontorsjef Magnus Gramstad og Julius Rydningen ute av tysk fangenskap og på gullstol på Rådhusplassen etter freden.
Ordførar Jakob Remseth, kontorsjef Magnus Gramstad og Julius Rydningen ute av tysk fangenskap og på gullstol på Rådhusplassen etter freden. FOTO: Frå samlinga etter Helga og Einar Andreassen.

Då freden kom til Sauda

I dag er det nøyaktig 75 år sidan andre verdskrig offisielt var slutt i Norge. Heimvende fangar blei bore på gullstol i Sauda.

8. mai 1945 kapitulerte dei 350 000 tyske soldatane i Norge. Etter fem års okkupasjon var Norge eit fritt land igjen. I Sauda var det tyske nærværet svært synleg gjennom krigen. Den tyske okkupasjonsmakta bygde aluminiumfabrikk i Saudasjøen og oppretta store brakkeleirar i Saudasjøen med tvangsarbeidarar, som måtte bygge fabrikk og nødvendig infrastruktur. Ei rekke tyske soldatar og offiserar var derfor i Sauda og det blei bygd mange kanonstillingar og forsvarsverk.

I dagane før 8. mai venta mange saudabuar på at tyskarane i Norge ville overgi seg. Tyskarane hadde alt kapitulert i Danmark, Nord-Tyskland og Nederland og det var venta at dette ville skje om kort tid i Norge. Fleire saudabuar hadde alt kjøpt norske flagg og starta førebuingane. 7. mai kom meldinga om at tyskarane ville kapitulere og denne nyheita spreidde seg raskt i Sauda. Saudabuar strøymde ut på vegar og gater og vifta med dei norske flagga. Etter kvart samla mange seg på Rådhusplassen for å høyre siste nytt.

Eit prioritert mål for saudabuen var å få lokalavisa Ryfylke raskt i drift igjen. Ryfylke blei stengt ned i løpet av andre verdskrig. Alt 11. mai 1945 var Ryfylke ute med første nummer etter frigjeringsdagen. ”3-4 dagars fest i Sauda” og ”Heimefronten manar til ro og orden” var to av overskriftene på førstesida. To vers av ”Gud signe vårt dyre fedreland”, eit takkedikt av Hans Hylen og ”Ord for dagen” der Kjell Bondevik takka lærarane i Sauda som stod samla i striden for å ”berga barnesjela frå den forgiftning som satans tyranni prøvde å spreia gjennom skulane”, var også på framsida.

Saudabuar i fangenskap

Det tyske nærværet førte også til at fleire saudabuar blei arrestert for motstandsarbeid eller for ikkje å ha samarbeidd nok med tyskarane. Smelteverksdirektør John Oxaal var ein av desse. Han blei sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen fordi han ikkje aksepterte at fabrikken var beslaglagt av tyskarane. Oxaal døydde i konsentrasjonsleiren 26. september 1942.

Men mange saudabuar overlevde tysk fangenskap og reiste heim da freden kom. Etter kvart som dei kom til Sauda blei dei møtt med hornmusikk og store folkemengder som hylla dei. Deretter blei dei bore på gullstol opp til Rådhusplassen, der dei blei gjort ære på.

Ordførar Jakob Remseth, kontorsjef Magnus Gramstad og Julius Rydningen var tre av desse fangane som kom frå fangeleiren Grini, og som har blitt foreviga på bilde.

Illegal verksemd

John Helle er ein annan som sat i fangenskap. Han blei arrestert i 1942 for å ha drive illegal verksemd. Helle dreiv sportsbutikk i Sauda, der apoteket er i dag. Famleis går bygget under namnet ”Hellebygget”.

Kåre Rød har sendt Ryfylke følgande tekst til bildet:

”John Helle (1913-2000) saman med fangekameraten, Kristian Ottosen (1921-2006, kjend for bøkene om konsentrasjonsleirane) på kaien i Sauda. I sogelagets årsskrift frå 1997 fortel John Helle til Torgeir Vetti om oppvekst i Odda, om ei allsidig idrettskarriere med blant anna 10. plass i hopp i Holmenkollen i 1936, om krigen og 35 år bak disken i sportsforretningen saman med kona, Marie (1921-2016).

Bakgrunnen for biletet er at Helle blei arrestert for illegal verksemd i 1942 og sendt til Ulven i Bergen der han møtte Ottosen. I løpet av tre-fire månader blei dei nære vener, før Helle drog heim igjen til Odda og slutta seg på ny til Heimefronten. Samhaldet og venskapet gjorde at Ottosen ein eller annan gong etter krigen besøkte sin gamle fangekamerat. Kanskje nokon kjenner igjen gutane på bildet, som i dag kanskje er pensjonistar?”

John Helle (til venstre) og fangekameraten Kristian Ottosen etter freden. Foto lånt av familien Helle.