Brennheitt tema

Når skifta du sist batteri i røykvarslarane? Kor ofte snur du på pulverapparata i heimen? Og kva tid hadde du sist brannøving heime? Kva med på hytta? Er du like flink der?

Kvart år rykker brannvesenet ut på meir enn 10 000 brannar i Norge. Rundt tre firedeler av  brannane oppstår i bygningar, over 1 000 av dei i hytter og fritidsbustader. Ikkje alle desse endar godt.

«Krava til brannsikring på hytta er faktisk dei same som for ordinære bustader»

I løpet av ein tiårsperiode har brannvesenet i Sauda registrert seks-sju hyttebrannar og branntilløp med gassdrivne kjøleskap som fellesnemnar. Det er i fleire av tilfella vanskeleg å konkludera eintydig med feil på gasskjøleskap og slangar som brannårsak. Indikasjonane på at det kan vera ein samanheng bør imidlertid vera meir enn nok til å gi alle som nyttar gass til koking og kjøling ein tankevekkar.

Bruk av open flamme, dårlege kokeanlegg, feil fyring og mangelfulle skorsteinar og eldstader toppar lista over brannårsaker i fritidsbustader. Det nyttar elles lite med røykvarslar og sløkkeutstyr viss dette ikkje blir halde ved like. Derfor bør du testa røykvarslaren kvar gong du kjem til hytta. Og snu pulverapparatet opp-ned slik at ikkje pulveret klumpar seg, i tillegg til å sjekka trykkindikatoren. Krava til brannsikring på hytta er faktisk dei same som for ordinære bustader. Dette inneber at alle hytter og fritidsbustader skal ha minst éin røykvarslar og anten brannslokkingsapparat eller husbrannslange.

«Norsk Brannvernforening tilrår éin til to brannøvingar heimen i løpet av året»

Norsk Brannvernforening tilrår éin til to brannøvingar heimen i løpet av året. Både i husstandar med bare vaksne, barnefamiliar og blant eldre vil gjennomgangar av kva ein skal gjera dersom den raude hane slår til, kven som utfører kva, hjelper kven og kor ein skal gå, vera med og auka tryggleiken til bebuarane. Det er sjølvsagt ingen grunn til ikkje å gjera same øvinga i fritidsbustaden.

Jamt over lever me trygt og godt i norske hus og hytter. Og så lenge alt går godt, er det fort gjort å gløyma at slitasje og elde kan gjera utstyr og installasjonar mindre sikre med åra. Branntryggleik er eit alvorleg tema, fordi konsekvensane av ein brann kan bli så store. Det er derfor all grunn til å ta brannførebygging generelt på alvor. Pass særleg på gasslangar og –kjøleskap.