Saudanatur i Frelsesarmeen-video

«Fagert er landet» syng Helene Bøksle, akkompagnert av heimlege fjellområde.

Frelsesarmeen har spurt følgarane sine på Facebook om kva dei er takksame for i denne krevande tida. Svara dei fekk, var mange, fine og tankevekkande.

– Midt i det vanskelege ser me at folk samlar seg om dei grunnleggande verdiane, dei enkle tinga som ber ein gjennom kvardagen, seier kommunikasjonssjef Geir Smith-Solevåg i Frelsesarmeen.

Gjennom sitt hjelpearbeid møter armeen sine folk mange som gjerne slit meir no enn dei nokon gong har gjort.

– På ein dag kan me møta fleire nye hjelpesøkande enn me vanlegvis ser på ein månad. Bare på eitt gatehjørne i Oslo har me delt ut 10 000 måltid sidan landet stengde ned. Samtidig merkar me at det og er mykje takknemlegheit der ute over alt me faktisk har i landet vårt, sjølv i tøffe tider, seier Smith-Solevåg.

Dermed blei ideen fødd. Kan me løfta blikket og feira det som feirast kan? Med sin lange musikktradisjon blei det naturleg for Frelsesarmeen å gå musikalsk til verks.

Resultatet blei ein musikkvideo der ei bunadskledd Helene Bøksle syn «Fagert er landet» i Slottsparken, akkompagnert av Frelsesarmeen sine uniformskledde musikarar.

Videoen er òg krydra med naturbilde tatt av Frank Otto Pedersen. Lokalkjende i Sauda og deromkring vil fort dra kjensel både på Reinsnuten, Skaulen og Røldalsfjellet.

Ifølge Frelsesarmeen er videoen på kort tid sett meir enn ein kvart million gonger.