Ragnhild Ness, leiar i Eldrerådet og i pensjonistforeininga, er letta over at ein nå har eit godt rekkverk å halda i når ein skal opp eller ned steintrappa på Solbrekk.
Ragnhild Ness, leiar i Eldrerådet og i pensjonistforeininga, er letta over at ein nå har eit godt rekkverk å halda i når ein skal opp eller ned steintrappa på Solbrekk. FOTO: Ingvil Bakka.

Etterlengta rekkverk på plass

Eldregeneral Ragnhild Ness er glad for at ein endeleg kan gå trygt ned til gravplassen på Solbrekk.

– Veldig lurt at ein sette rekkverket midt i trappa. Eg tenkte ikkje så langt, eg maste om at det burde komma eit rekkverk på minst ei av sidene, smiler Ragnhild Ness.

Ho er leiar i Sauda kommune sitt eldreråd og leiar av Sauda pensjonistforening.

I fleire år har steintrappa som leiar ned til gravplassen på Solbrekk vore i dårleg forfatning. Forfallet hadde gjort at dei til saman 18 steintrinna blei tilgrodde av ugras og grus, noko som gjorde trappa både vond og skummel å gå i, for både unge og eldre.

Våren 2019 blei det gjort ein dugnad for å få ordna trappa.

– Me fekk retta opp steinane og gjort trappa bein igjen, fortel Per Aksel Birkeland.

Han er formann i soknerådet, og deltok i dugnaden.

Samtidig fortsette Ragnhild Ness med å masa på kommunen om å få eit rekkverk i trappa. Siste gongen var i Eldrerådet sitt møte i november 2011. Nå er ho glad for at masinga har ført fram.

– Endeleg. Nå er det mykje tryggare her, rosar ho.

Rekkverket kom på plass i slutten av april i år. Måndag i sist veke tok Per Aksel Birkeland det siste bengalakkstrøket på rekkverket.

– Rekkverket er laga av Tveitane sveiseservice. Det er så klart eit betalt oppdrag. Men eg har laga bøyane på endane og lakka. Det har eg gjort på dugnad. Det står ikkje på arbeidslista til soknerådet, seier han blidt.

Ifølge kommunalsjef Eirik Daniel Fatnes er det sett av 100 000 kroner i investeringsbudsjettet for 2020 til HMS-tiltak på kyrkjegarden.

– I tillegg til rekkverk er det planlagt noko belysning og ein del andre mindre tiltak, opplyser Fatnes.

Kostnaden til rekkverk var på cirka 7000 kroner.