*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Kommuneoverlege Knut A. Omdal beklagar at kommunikasjonen ikkje har vore tydeleg nok overfor Liv Jakobsson og andre eldre saudabuar. FOTO: Ingvil Bakka/arkiv

Ingen fleire registrert med covid-19 i Sauda

Kommuneoverlegen roser innbyggarane, men forventar at det etter kvart kan bli fleire smitta i Sauda.

Etter at det i Sauda blei registrert tre covid-19-smitta i begynnelsen av mars, har det ikkje blitt påvist fleire med smitte. Fleire kan ha hatt covid-19 i Sauda, men tidlegare blei ikkje folk testa dersom dei hadde symptom nokre av symptoma til covid-19. Da måtte dei halde seg heime heilt til dagen etter at dei var symptomfrie. Men samtidig kan ein slå fast at det lokale helsevesenet fekk full kontroll på koronasituasjonen i Sauda.

– Det er ein kombinasjon av hell, dei innførte restriksjonane og det at folk i Sauda har vore veldig gode til å etterleve smittevernråda, seier kommuneoverlege Knut Omdal til Ryfylke.

Nå når samfunnet gradvis blir opna opp, samtidig som det vil bli gjennomført meir testing enn tidlegare, forventar kommuneoverlegen at det kan kome nye positive smitteprøvar i Sauda.

– Sjølv om det ikkje er registrert smitte nå, kan det kome ei ny bølge. Den kjem kanskje til hausten, seier Omdal.

Symptom = testing

Han presiserer at det er veldig viktig at alle fortset med å etterleve råda som sentrale styresmakter gir. Det vil seie at folk held god avstand til andre og har god handhygiene.

I tillegg presiserer kommuneoverlegen at dei som har symptom på luftvegsinfeksjon eller som har feber, ikkje skal gå på jobb eller skule.

– Dei skal halde seg heime i karantene til éin dag etter at symptoma er borte, seier Omdal.

I tillegg ber han om at alle som har symptom på luftvegsinfeksjon eller feber, nå tar kontakt over telefon med legesenteret.

– Me legg nå opp til at alle med symptom skal bli testa. Det gjorde me ikkje tidlegare, men nå er testkapasiteten betre, seier kommuneoverlegen.

Han opplyser at når det kjem ein ny positiv covid-19-prøve i Sauda, vil denne personen bli spurt om kven vedkomande har hatt nærkontakt med heilt tilbake til 48 timar før symptoma oppstod. Alle desse personane vil da bli kontakta av smittesporingsgruppa i Sauda og kalt inn til testing. Samtidig skal alle desse personane umiddelbart i karantene heilt til eit testsvar ligg føre.

– Dette betyr at det kan bli ganske mange personar smittesporingsgruppa kan måtte ta kontakt med ved ein positiv covid-19-test, seier Omdal.

Svar etter to dagar

Kommuneoverlege Knut Omdal seier at det i Sauda normalt vil ta omtrent to dagar frå ein covid-19-test er tatt til prøvesvaret er klart.

Folkehelseinstituttet (FHI) har endra karantenetida i Norge frå 14 dagar til 10 dagar. Årsaken til at FHI har justeret ned karantenetida er at erfaringa viser at det aller meste av smitteoverføringa skjer heilt i starten av sjukdomsforløpet. FHI meiner det er uheldig med utstrakt bruk av karantene ved svært låg risiko for sjukdom. Da karantenetida var 14 dagar viste undersøkingar i Norge at eitt positivt smittetilfelle utløyste eit par hundre timar karantene for andre personar.