Straum er eit bra alternativ

Eg viser til artikkelen om gasskjøleskap i avisa tysdag 12. mai. Ein ting som kom litt lite fram er mulegheita for alternativ til gasskjøleskap. Nokre elektriske kjøeskap i dag er så økonomiske at dei utan problem kan koplast til solcelleanlegg.

Som enkelte kanskje veit var det vårt kjøleskap som ”gjekk i lufta” i Herheimsdalen i fjor sommar, me er naboar til dei som opplevde det same 1. mai i år. Det var bare griseflaks at hytta ikkje brann ned, spør du meg. Skaden er nå reparert og nytt kjøleskap på straum er nå installert. I dag får ein kjøpt el-kjøleskap med energimerking. A+++ trekker ikkje meir enn 10 watt, som ikkje er meir enn ei standard halogenlyspære. Dette kan koplast direkte til batteriet via ein konverter/omformar frå 12V-230V. Det funkar utmerka. Dei fleste hytte i dag har solcelleanlegg som er så robuste at dei klarer den belastningen utan problem. Ein anna fordel med el-kjøleskap er at ein ikkje treng gasstilførsel heile døgnet. Spør du meg, er gasskjøleskap avleggs slik som ting har utvikla seg. Nå skal ikkje eg gi noko ”dom” på kor farleg eit gasskjøleskap er, fordi eg har altfor lite greie på det. Men eg har ein elendig magefølelse for gasskjøleskap, såpass har eg vel lov å seia.

Men eg lurer også littt på korleis det står til med tilsyn/ettersyn og rett bruk av desse gasskjøleskapa. Kanskje er det meir galt med oss brukarar enn det er med kjøleskapa?

Eit tips til dei som har gasskjøleskap: Når ein er ferdig på kjøkkenet på ettermiddag/kveld med middagen/kveldsen/oppvasken, så kan ein stenga av på gassflaska/regulatoren. Så er det iallfall stengt dei neste 12-15 timane. Kanskje det hjelper på nattesøvnen også?