Kvifor skal Sauda ha ein kommuneplan?

Etter å ha lese Ryfylke den siste tida kan ein få inntrykk av at kommuneplanen berre handlar om å setje grenser for ny hytteutbygging i fjellheimen vår.

Ein kommuneplan er så mykje meir enn gesims- og mønehøgder!

Det er eit solid stykke arbeid, produktet av ein fleire år lang prosess, som skal til handsaming i kommunestyret onsdag.

I kommuneplanen legg ein strategien for korleis ein ynskjer å utvikle samfunnet og møte framtida. På kva måte kan me best legga til rette for å utvikle eit berekraftig samfunn med fleire arbeidsplassar og fleire folk i Sauda?

Av viktige tema som vert belyst finn ein samferdselsutfordringar og mål om å styrka kollektivtilbod med hurtigbåt, tunnel mot E134 samt lyntog over Haukeli.

Tettstadsutvikling i Sauda og korleis me kan kombinera utvikling og nybygging samtidig som me tar vare på den unike kulturarven vår er eit anna tema.

Me har spennande moglegheiter til å utvikle ny industri knytt til spillenergi frå fabrikken. Det vil gje oss nye, etterlengta arbeidsplassar og vera eit viktig skritt mot eit grønare og meir miljøvennleg samfunn.

I kommuneplanen legg ein òg føringar for korleis me ynskjer å bruka arealet me har til disposisjon her i Sauda. Korleis vil me utvikle dalføra med nye hytter samtidig som me tar vare på den unike og vakre naturen? Det har kommuneplanen svart ut med tydelege og romslege føresegn som legg til rette for god utvikling og stor aktivitet.

Arbeidet med kommuneplanen har vore ein lang prosess og eg gler meg til me snart er i mål. Det er ein solid og god plan som gir rom for mykje spennande utvikling i Sauda!