Bustadprosjekt på Fløgstad

I «Ryfylke»  8. mai vert utbyggar av eit nytt bustadprosjekt på Fløgstad sitert slik: «Jensen opplyser at byggestilen blir moderne funkishus og meiner dette skal vera uproblematisk sidan det ikkje er ein felles byggestil på Fløgstad.»

Dette siste stemmer ikkje. Fløgstad er eit bustadområde bygd ut i fleire fasar, men dei fleste husa blei bygd i etterkrigstida på 1940 – og 50-talet. Ei hovudvekt av bygningane er einebustadar med saltak og malt trekledning. Dette pregar i stor grad området og er med på å gje området sin identitet.

Fløgstad er kupert, og både vegar og hus følgjer kotene og ligg godt i landskapet. Husa er tilpassa terrenget snarare enn omvendt.

Når det nå blir planlagt nye boligar som skal plasserast i eit område som Fløgstad, er det fleire forhold ein bør ta omsyn til for at det nye skal passa inn med omgjevnadane.

*Dersom husa skal ha kledning bør denne vera malt og ikkje ubehandla/royalimpregnert e.l.

*Saltak og tekking med skifer eller takstein vil passa betre enn flate tak og takterassar.

Tomta det skal byggast på, ligg sentralt på Fløgstad og er godt synleg frå mange kantar i Sauda. Det er difor ekstra viktig at ein vektlegg utforming, materialbruk og ikkje minst plassering i terrenget.

Hustypen som det er bilde av i «Ryfylke», har ein urban stil og bryt fullstendig med byggestilen på Fløgstad. Familiehusa vil ligga der Fløgstadbakken er på sitt høgaste og vil dermed dominera husa rundt som ligg både lågare i terrenget og har ein byggestil lik dei andre eldre husa på Fløgstad. Dei nye husa vil og ligga i utkanten av jordbruksland. Alt dette gjer at funkishusa blir eit dominerande framandelement  i miljøet.

Eg er ikkje imot utbygging på tomta, men meiner det må tas omsyn til plassering i terrenget, utforming og materialbruk for at bygga skal bli vellukka og passa inn i landskapet og omgjevnadane rundt.

Plan -og bygningslova set i kapittel 29 krav til tiltaket og seier i § 29-1 m.a. dette om utforminga: Eit kvart tiltak etter kapittel 20 skal prosjekterast og utførast slik at det får ei god arkitektonisk utforming.

I § 29-2 som omhandlar visuelle kvalitetar, står det: Eit kvart tiltak etter kapittel 20 skal prosjekterast og utførast slik at det etter kommunens skjønn har gode visuelle kvalitetar både i seg sjølv og når det gjeld funksjon, bygde og naturlege omgjevnadar og plassering.

Med bakgrunn i kapittel 20 i Plan- og bygningslova oppfordrar eg difor politikarane som etter lova er pålagt å ta desse omsyna ved all bygging, til ei grundig vurdering av den føreslåtte byggestilen.