Costa del Sauda

Sommarferien 2020 blir noko ganske anna enn mange hadde førestilt seg. Som så ofte er det likevel slik at ei stengd dør ofte fører til at ein anna opnar seg. Om sommarens planlagde reise til eksotiske reisemål på sørlegare breiddegrader har måtta leggast på is, kan dette gjerne bli det nødvendige puffet ein treng for å ta heimtraktene og dei nærliggande områda i nærare augnesyn. Utanriksdepartementet rår framleis alle ifrå å reisa til utlandet dersom reisa ikkje er absolutt nødvendig. Samtidig har utviklinga i smittesituasjonen her heime gjort at ein nå under visse føresetnader kan gjennomføra ferie- og fritidsreiser innanlands.

«Me liker å farta rundt for å oppleva nye land og nye stader, sol og varme og kultur»

Saudabuar og nordmenn flest er eit reisande folkeslag. Me liker å farta rundt for å oppleva nye land og nye stader, sol og varme og kultur. Eller bare for å få eit avbrekk frå kvardagen. Og når me drar på ferie, kosar me oss. I praksis betyr å kosa seg at ein opnar lommeboka på vidt gap bare ein har runda Ramsnes på veg ut fjorden.

Koronarestriksjonar har dei siste månadene gitt norsk næringsliv i store utfordringar. Spesielt gjeld dette i service- og serveringsbransjen, som har måtta stenga ned verksemda ei tid, for seinare å kunna opna underlagt strenge krav til smittevern. Restriksjonane har også ramma lokalt. 2020 blir eit tøft år for mange saudabedrifter.

«norgesferie treng på ingen måte å vera eit dårleg alternativ»

Ein norgesferie treng på ingen måte å vera eit dårleg alternativ i jakta på spektakulære ferieopplevingar og det gode liv. I arbeidet med «sommarferien 2020 plan B» bør ein heller ikkje gløyma at det finst mykje å ta seg til også her i Sauda. Kvifor ikkje vera litt turist i eigen heimby? Skal dette bli sommaren då du endeleg somla deg til å oppleva gruveanlegget i Allmannajuvet? Og kva tid vandra du sist gatelangs i den snart 100 år gamle Amerikabyen? Kva med å ta ein piknik ved Andedammane? Eller under Svandalsfossen?

Og husk: Det er godt muleg å komma til duk og dekka bord og ta lunsjen eller middagen ute – og å ta ein utepils, for den del – sjølv om ein ikkje er på Costa del Syden, men oppheld seg i område med postnummer 4200 og 4208.