Sjå framover

Onsdag kunne ordførar Asbjørn Birkeland senka klubba og erklæra den nye kommuneplanen for vedtatt. Etter nær fire år er ein endeleg i mål med arbeidet og Sauda har fått eit nytt overordna styringsdokument.

Den lange vegen fram mot endeleg vedtak har bestått av både humpar og omvegar. Både lokalpolitikarar, kommuneadministrasjon og interessentar har sannsynlegvis lært av prosessen og i etterpåklokskapens lys sett forbetringspotensial for arbeid med framtidige kommuneplanar. I ei så omfattande og komplisert sak må ein forventa at ikkje alt går på skinner. Bare sidan kommuneplan-toget rulla ut av perrongen, har det skjedd mykje som har forandra føresetnadene som har lege til grunn for utarbeidinga av plandokumentet.

«Det vil ikkje gagna noko eller nokon å henga seg opp i det som ikkje gjekk slik ein ønska»

Undervegs i arbeidet med planen har det kome ei rekke innspel både frå privatpersonar, styresmakter og organisasjonar. Mange av innspela er tatt omsyn til, mange ikkje. Nå ligg imidlertid planen der og bestemmer retninga for utviklinga av saudasamfunnet dei kommande åra. Det vil ikkje gagna noko eller nokon å henga seg opp i det som ikkje gjekk slik ein ønska. Det er betre å sjå framover og finna ut kva som er muleg, heller enn å henga seg opp i avgrensingane.

Det er kommunestyret som bestemmer kor lenge kommuneplanen skal gjelda. Alt neste valperiode må dei folkevalde ta stilling til om gjeldande plan skal vidareførast, eller om lokalsamfunnet er tent med at det blir gjort mindre eller meir omfattande endringar. Undervegs kan innspel som ikkje er tatt til følge i denne omgangen ha fått ny aktualitet.

«ikkje nødvendigvis vera for lojal overfor regionale og nasjonale føringar»

Noko av det mest positive som skjedde i prosessen fram mot ny kommuneplan, var at den politiske leiinga lokalt valde å ta kampen mot fylkesmannen om rammene for hytteutbygging. Ein kommuneplan skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål og interesser. Lokalt bør ein imidlertid først og fremst fokusera på lokale behov og ikkje nødvendigvis vera for lojal overfor regionale og nasjonale føringar. Dei får andre instansar ivareta.

Det er sjølvsagt dei lokale styresmaktene som kjenner forholda i heimkommunen sin best. Ved å stå opp mot nasjonale og regionale styresmakter når ein opplever lokaldemokratiet blir sett til side, skjøttar kommunepolitikarane rolla dei er valt til å fylla slik me liker det. Det er ingen grunn til å la det bli med denne gongen.