Ryfylkearkivet fortel kven som eig brua

For ei veke sidan skreiv Ryfylke om reparasjonar av Risvollbrua. Alle honnør til Laget for Hovlandsnutens utvikling som fekk ordna rekkverket. Det eg gjerne vil bruka spalteplassen på her er at det kom fram i saka at det var ingen som visste kven som eigde brua, heller ikkje kven som hadde vedlikehaldsansvaret. Dette viste seg å vera enkelt å finna ut ved å gå i Ryfylke sitt eige arkiv. Eit kjapt søk på orda «Risvold» og «bru» fekk fram treff i utgåva 05.11.1949. Her har avisa referert frå møte i Sauda heradstyre:

«Som tilleggssak låg føre søknad frå oppsitjarane på Risvoll og Fosstveit om at kommunen byggjer ny bru istaden for Risvollbrua som vart teken av flaumen.

Formannskapet hadde gjort framlegg om å byggja ny bru, mot at oppsitjarane der gjev fri grunn og har tilsyn med og vedlikeheld brua for framtida. Arbeidet med brua var rekna til 4 000 kroner.

Knut Risvold meinte at kommunen burde ta på seg tilsynet og vedlikehaldet også. Sjølv om det er privat veg på båe sider av elva, så er det i stor mun ein offentleg veg, meddi tusenvis går den vegen når dei skal på tur, til alle årstider.

Paul Engebretsen gjorde synet åt Risvold til framlegg. Andreas Ness sa at oppsitjarane der ute hadde i tankar å koma med søknad om stikking av ny veg om ikkje så lang tid. Når ein nå skal byggja ny bru bør ein også ha dette for augo.

Ordf. meinte at eit slikt atterhald var naturleg å ta. Det var berre pro forma. Oppsitjarane kunne rekne med at kommunen ville ta på seg vedlikehaldet.

Fløgstad kom inn på brudekket, plank eller betong, og meinte underlaget burde setjast opp så godt at ein kunne byggja det dekke ein ville ein gong.

Framlegget til Engebretsen fekk 7 røyster. Sjølve løyvinga var samrøystes.»

Etter dette skulle det vera klart at det «oppsitjarane» gav fri grunn til kommunen som så bygde brua og tok på seg vedlikehaldsansvaret.

Poenget med dette er ikkje å lasta kommunen for manglande vedlikehald, men heller å visa kor viktig kunnskapskjelde arkivet til Ryfylke er. Flott at avisa har digitalisert og gjort tilgjengeleg arkivet! Men så må også avisa hugsa å bruka arkivet sjølv.