Saudapakken

Dette innlegget handlar ikkje om for eller i mot «Folkeheisen» men om å sjå lengre og breiare når det nå på nytt er tatt et initiativ i Sauda for å lage et spleiselag for nybygging og utvikling. Denne gangen handlar det om Svandalen og stolheis eller gondol.

Eg har opp igjennom åra hatt stor glede av å være med på å drive fram fleire «spleiselag» og eg har hatt stor glede av å sjå kva andre har fått til.

Sjølv om eg ikkje er med i «businessen» lenger, blir eg engasjert når det handlar om å gjera Sauda til ein attraktiv plass å bu og besøka. Eg vurderer at stolheis/gondol prosjektet ikkje er komme så langt i prosessen at det ikkje går an å komme med innspel.

Eg blei i februar i år invitert av Sauda Vekst til eit idemyldringsmøte om prosjektet. Her hadde eg eit innlegg som eg kalla for «Saudapakken».

«Saudapakken» går i korte trekk ut på å bygga vegar. Ikkje berre til Djuvsbotn men til alle dei største hytteområda i Sauda som slit med vinterstengde vegar. Saudapakken er basert på same lest som Haugalandspakken. Det vil i praksis sei at ikkje alle prosjekta kan gjennomførast samtidig, men at ein må prioritera.

Veg til Djuvsbotn kjem sjølvsagt først. Men eg er overtydd om at folk i dei andre hytteområda vil vere med på ei slik prioritering og vil bidra økonomisk om gulrota er at ein i løpet av for eksempel tre til åtte år vil få ein vintersikker veg til sitt hytteområde.

Kor godt hadde ikkje det vore å sleppt og slita seg opp Nipbakkane, Dustå eller andre harde kneiker som tappar både unge og eldre for krefter og humør før ein kjem til hytta ein vintersdag?

Eit anna vesentleg punkt er at verdien på tomter og hytter i områda ville fått eit betydeleg prisløft. I motsetnad til i dag vil det bli mykje enklare for hyttefolk i desse områda å gjere seg nytte av Svandalen, sentrum, badeanlegg og så vidare. når det berre er ein kort biltur unna.

Bompengar må sjølvsagt krevjast for å køyre på desse vegane både sommar og vinter. Dette er vanleg praksis rundt om i hyttenorge.

Nokon vil sikkert tenke at kva om det kjem så mykje snø ei natt at og ein står i fare for å ikkje kome seg ned frå fjellet? Dette vil alltid være ei utfordring, men folk sit jo innesnødde på Haukeli i dagevis og der er det ikkje snøen som er hovudutfordringa, men vinden, og vind har me lite av i Sauda. Om ein vil vere på den sikre sida kan ein jo køyre bilen ned til dei parkeringsplassane som allereie finst i dag.

Fleire gode argument er at det vil skape og sikre arbeidsplassar med snørydding og vedlikehald. Elles ser me at politiske krefter kjempar for at alle som ønsker snart kan få køyra snøscooter til hyttene sine. Dette vil være ein uting og me bør unngå at dette skjer, eit viktig argument for veg.

Det er mykje som ikkje får plass i eit lesarinnlegg men kanskje er det nok til at diskusjonane og engasjementet tar ei ny vending? «Tenk utanfor boksen» både i forhold til finansiering, val av vegtrasear og samarbeidspartar.                                                                                                                                                         Til slutt vil eg seie at Arne Skogerbø er ein klok mann. Eg stolar på hans kunnskap om å laga veg til Djuvsbotn som han har skrive om i gode innlegg i tidlegare Ryfylke.