Rogaland Fylkeskommune styrker vidaregåande opplæring for vaksne

I fleire delar av fylket vårt er det i dag vaksne i alle aldrar som manglar formell utdanning. Dette er menneske som er ein stor ressurs, og med ei mangfaldig erfaring og kapasitet. Vi kan no sikre at denne gruppa får moglegheit til å fullføre utdanninga si og dermed stille med endå sterkare kort i arbeidsmarknaden og som grunnlag for vidare utdanning på høgskulenivå.

For å styrke denne satsinga på vidaregåande opplæring for vaksne i distrikta, blir det frå hausten 2020 etablert ei prøveordning over fire år ved Sauda, Strand og Dalane vidaregåande skular. I prøveperioden får skulane oppgåver som vaksenopplæringssenter i tillegg delegert mynde for rettleiing og realkompetansevurdering. Eitt årsverk blir tildelte kvar glyme til elevretta arbeid med tett oppfølging og til å skape opplæringstilbod i samhandling med arbeidslivet og til å innføre ein ny opplæringsmodell i tråd med ønske og behov i distrikta. Prosjektet har ei økonomisk ramme på over 8 millionar.

Det er svært viktig å kunne tilby lokal utdanning her vi bur slik at vi kan legge til rette for flest mogleg. Dette er ei styrking for lokalsamfunnet, for skulen og for næringslivet.  No vil alt bli lagt til rette frå hausten 2020 og vi håper flest mogleg vil nytte seg av tilbodet og følgje med når skulane lanserer tilbodet og dei ulike programma