Plukk opp hundeskiten!

Ta skiten med deg når du går vidare – eller dump den i næraste avfallsdunk.

Dei siste to åra har det heilt tydeleg auka med hundeeigarar og hundar som nyttar gamlevegen Gausvik/Borvik som turveg. Og det er sjølvsagt heilt greitt. Men når eg dagleg opplever å få hundeskit i mitt eige gardstun eller på vegen inn til huset mitt, då er det ikkje greitt.  Det er ekstra ille nå når det er sommar og varmt i vêret. Eg har sjølv hund, ein border collie, og eg er ansvarleg for det hunden min gjer og legg frå seg ute på tur. Dette gjeld alle hundeeigarar. Hugs: Rullar med avfallsposar fins i alle daglegvarebutikkane. Eg er lei av å trakka i skit eller å måtta fjerna andre sin hundeskit. Ta ansvar!