Urimeleg avslag

Ut over våren har sentrale styresmakter etablert ei lang rekke støtteordningar og -tiltak for å hjelpa eit koronaramma norsk næringsliv. Mange av ordningane har gitt kjærkommen hjelp i ei vanskeleg tid, men kriteria til dei ulike ordningane er langt frå like treffsikre. Det har gått ut over mellom andre Sauda skisenter.

Samanlikna med mange andre land, stod Norge godt rusta til å handtera koronapandemien då denne kom over oss i slutten av februar. Til dømes gav ein botnsolid nasjonaløkonomi mulegheiter for raskt å etablera støttetiltak både for eit kriseramma næringsliv og for kommunar og fylkeskommunar som opplevde både fall i skatteinntekter og auka driftskostnader over natta. Med støtte frå eit stort sett samla storting, har oljemilliardane dei siste månadene verkeleg fått bein å gå på.

Støttetiltaka varierer både i breidde og omfang. Reduksjon i arbeidsgivaravgift og endra reglar for permittering og omsorgspengar gjeld alle bransjar og sektorar og treff breitt. Eigne ordningar for kultur- og idrettsliv, tilskotsordning for reiselivsnæring og verftsindustri langt smalare, på grensa til skreddarsaum. Det må òg ordninga for sesongbedrifter kunna kallast.

«eit godt døme på kor vanskeleg det er å laga gode, rettferdige støtteordningar»

Tilfellet Sauda skisenter er eit godt døme på kor vanskeleg det er å laga gode, rettferdige støtteordningar som treffer alle. Det er naturleg at støtte blir tildelt etter fastsette kriterier og at samanlikning med tidsrom før og etter koronaen inngår i desse. For bedrifter som er så vêravhengige som landets skisenter, kan dette imidlertid slå veldig skeivt ut. Vêr har me mykje av, og det er ganske så uberekneleg. I januar og februar sleit Sauda skisenter med snømangel, og hadde relativt låg aktivitet. I mars kom snøen, men det meste av månaden måtte heisane stå, grunna koronarestriksjonar. Etterlengta inntekter forsvann, og ikkje nok med det – på bakgrunn av lite aktivitet dei to føregåande månadene var det heller ikkje støtte å henta gjennom den statlege ordninga for mars månad.

«ikkje støtte å henta gjennom den statlege ordninga»

Å finna dei perfekte løysingane for å stimulera til aktivitet i næringslivet og sikra størst muleg sysselsetting er sjølvsagt nær umuleg. Jo meir spesielle bransjar ein har med å gjera, jo meir bør det elles vera høve til å ta i bruk skjønn, sjølv om skjønn i seg sjølv ofte kan vera ein skummel veg å gå. For skisenteret, ein sentral aktør i ei viktig næring i Sauda, har spesialordninga for sesongbedrifter gitt langt mindre i støtte enn det som ville vore rimeleg.