Vasskraft er løysinga

Det er ikkje lenger politisk ukorrekt å vera motstandar av vindkraftutbygging. Eit klart fleirtal av kommunane som ifølge NVE har område veleigna for vindmøller på land, seier nå klart nei til slik utbygging. Vindmølleparkane blir vurdert å øydelegga store naturområde og ha for stor negativ innverknad på fauna og fugle- og insektliv. Ei rekke stader grip folk til sivil ulydnad for å hindra utbygging. I Norge er i dag eit par titals vindmølleparkar vedtatt bygd eller under oppføring.

«stor negativ innverknad på fauna og fugle- og insektliv»

Kampen mot vindkraftutbygging har parallellar til motstanden norsk vasskraftutbygging etter kvart møtte. Både  Stilla-aksjonen ved utbygginga av Altaelva sist på 1970-talet og Mardøla-aksjonen i Møre og Romsdal i starten av same tiåret var markante protestar mot naturinngrepa utbyggingane medførte. Sett i lys av Soria-Moria-erklæringa om at tida for dei store vasskraftutbyggingane skulle vera over, er det eit stort paradoks at sentrale styresmakter dei siste tiåra har viste stor velvilje til bandlegging av store naturområde gjennom utbygging av vindkraft. Spesielt når ein veit at det ligg eit stort potensial for auka produksjon gjennom effektivisering av mange av dei eksisterande vasskraftanlegga.

«meir effektiv vasskraftproduksjon i staden for utbygging av vindkraft»

Det er ei fallitterklæring at vasskraftnasjonen Norge, som får 94 prosent av all elektrisk kraft frå «det kvite kolet», ikkje nyttar seg betre av mulegheitene for meir effektiv vasskraftproduksjon i staden for utbygging av vindkraft. Det er forståeleg at kommunar utan vasskraft har latt seg freista av millioninntekter frå skattlegging av vindmølleparkar. Og det er ikkje vanskeleg å forstå at mange har latt seg begeistra av den grøne politiske bølga og mulegheitene for å produsera ny, fornybar energi i «Europas grøne batteri». Det er imidlertid ikkje for seint å ta lærdom av erfaringane ein så langt har gjort ved vindkraft og på ny dreia fokus mot vasskrafta.

Ei av dei største hindringane mot effektivisering av norske vasskraftanlegg er dagens system for skattlegging av kraftbransjen. Dette er styresmaktene klare over. Ekspertutvalet som skulle sjå på kraftskatteregimet og føreslå endringar som kunne fremma utbygging av ny vasskraft feila imidlertid kraftig i sitt forsøk. Endringane som blei føreslått hausta ikkje fagnad i verken bransjen eller blant vertskommunane. Å føreslå endringar som tar pengar frå kommunane og gir til staten vitnar om manglande kunnskap og forståing for opphavet og historia bak utviklinga av vasskrafta vår.

Trass eit stort fokus på energiøkonomisering, treng samfunnet stadig meir kraft. For å løysa denne utfordringa, er meir vasskraft den beste løysinga. Då må det skapast gode rammer som gjer det attraktivt for kraftselskapa å investera – samtidig som kommunane får sin rettmessige delen av verdiskapinga kraftproduksjonen står for.