Pallplassen inga kvilepute

Kommunebarometeret for 2020 fortel at Sauda er landets tredje beste kommune når det kjem til pleie- og omsorgstenester. Rangeringa er i høgste grad ei klapp på skuldra til kommunen. Den gir likevel ingen grunn til å trappa ned arbeidet med å utvikla tenestetilbodet til beste for innbyggarane.

«Barometeret kjem på ingen måte med nokon fasit»

Barometeret kjem på ingen måte med nokon fasit for kvaliteten på verken pleie og omsorg eller dei øvrige elleve sektorane som blir vurdert. Rett nok tar undersøkinga utgangspunkt i nøkkeltal kommunane rapporterer til statlege styresmakter, og gir, føresett at alle kommunane har rapportert riktige tal, eit godt bilde av situasjonen ut frå desse indikatorane. Kommunebarometeret for pleie og omsorg gir dermed eit godt bilde av tilbodet kommunen gir og kor store ressursar som blir brukt til desse tilboda, men seier ingenting til dømes om korleis mottakarane opplever tenestane. Kommunal rapport, som lagar kommunebarometeret, er også tydelege på at resultata ikkje gir noko fullstendig bilde av situasjonen.

«ingen grunn til å trappa ned arbeidet med å utvikla tenestetilbodet»

For kommuneadministrasjon og politikarar gir likevel kommunebarometeret verdifull og lettfatteleg informasjon om tenestenivået. Det gir også gode samanlikningar med andre kommunar. Denne statistikken må imidlertid sjåast i samanheng med tilbakemeldingar frå brukarar, pårørande, tilsette og deira interesseorganisasjonar. Først då kan ein få eit godt bilde av totalen. Oppi det heile, er det sjølvsagt så godt som umuleg å tilby tenester som til ei kvar tid er tilpassa det aktuelle behovet. Pleie- og omsorgstenester handlar om menneske, og menneskelege behov endrar seg heile tida.

Den planlagde ombygginga til fleire institusjonsplassar på Åbøtunet er eit godt eksempel som viser at lokale styresmakter lyttar til dei som best veit kor skoen trykkar. Det er ingen grunn til å tru at ein pallplass på kommunebarometeret vil kludra til det kontinuerlege, viktige arbeidet med å skapa gode pleie- og omsorgstenester i Sauda. Når det er sagt, er tredjeplassen eit solid resultat som sjølvsagt indikerer at det blir gjort mykje godt arbeid innan pleie- og omsorgssektoren i kommunen.

Det fortener Sauda kommune ros for.