Ifølge varsom.no kan det komma kraftig regn i Sauda i ettermiddag og kveld.
Ifølge varsom.no kan det komma kraftig regn i Sauda i ettermiddag og kveld. FOTO: Linda Merethe Lie (Illustrasjon/arkiv)

Varslar styrtregn i ettermiddag

Gult farevarsel om kraftig regn i indre strøk.

Varslingstenesta varsom.no varslar tysdag fare for styrtregn i midtre og indre strøk av Vestlandet der bakken ikkje er dekka av snø. Varselet gjeld i dag, onsdag, i tidsrommet mellom klokka 14 og 20.

Det blir vurdert å vera meir enn 50 prosent sannsynleg at styrtregnet skal inntreffa. Samstundes blir det opplyst at det vil vera store lokale variasjonar i intensitet og mengd.

Med regnbygene kjem òg fare for hagl, lyn og torden og kraftige vindkast, i tillegg til overvatn og lokale oversvømmingar.

Flaum og skogbrann

Parallelt med varselet om styrtregn, er det framleis fare for flaum som følge av høge temperaturar, mykje snø i fjellet og fare for stor snøsmelting. Tidlegare denne månaden blei det klart at Sauda kommune får til saman 4,8 millionar kroner til flaumførebyggande tiltak i Hellandsbygd og i nedste delen av Nordelva. Pengane kom som ei ekstraløyving som ein følge av store snømengder i høgareliggande strok i heile landet.

Det varme sommarvêret den siste tida, har òg gjort at det nå er aukande fare for skogbrann på heile Vestlandet. Varselet tok til å gjelda frå tysdag morgon.

Varsla om styrtregn, skogbrann og flaum er alle på gult nivå, som ifølge varsom.no innebèr moderat fare.