Nå eller aldri

Ifølge vassressurslova, skal kraftanlegg som ikkje lenger blir nytta til sitt opprinnelege føremål fjernast, dersom eigaren ikkje vil halda det ved like. Denne heimelen gir styresmaktene rett til å krevja at kraftselskapa ryddar opp etter seg når anlegg blir tatt ut av produksjon, noko all fornuft tilseier er eit legitimt krav. Kraftinstallasjonar er trass alt framandelement ute i naturen. Likevel – det bør vera rom for å gjera enkelte unntak.

Kraftutbygginga i Saudavassdraget rundt 1920 står som ei tidstypisk utbygging med føremål å skaffa kraft til etableringa av storindustrien. I Sauda sitt tilfelle; mangansmelteverket på Klubben. Ein kan meina mykje om naturinngrep og konsekvensar av arbeidet med å temma fossekreftene og legga vatnet i røyr. Krafta transformerte uansett Sauda frå eit fattig bondesamfunn til eit moderne industrisamfunn. Og krafta gav saudabuen velstand.

Krafta transformerte uansett Sauda frå eit fattig bondesamfunn til eit moderne industrisamfunn.

Tidleg på 2000-talet blei kraftproduksjonen i saudafjella utvida, modernisert og effektivisert. Fleire av Saudefaldene sine anlegg hadde gjort sitt, og blei ståande uverksame. I tråd med gjeldande lovverk, utarbeidde det lokale kraftselskapet ein plan for sanering av til saman 17 installasjonar knytt til kraftverka Sauda I og Sauda II. Arbeidet med å fullføra tiltaka i denne planen nærmar seg nå ein sluttfase.

Samtidig har både kraftbransjen lokalt og lokale, sentrale og nasjonale styresmakter stilt spørsmål ved om det er rett å fjerna anlegg som ligg der og vitnar om ein av dei viktigaste tidsepokane i Sauda si historie, tida då grunnlaget for det moderne Sauda blei lagt.

Bevaring av kraftanlegg er ikkje nokon ny idè. Alt tidleg på 2000-talet leia NVE eit prosjekt der ein identifiserte vasskraftverk med spesielle verdiar som kulturminne. Blant dei 27 verka som blei plukka ut, var Sauda III i Sønnåhamn. NVE hadde i tillegg eigne prosjekt for dammar, kraftoverføringar og tekniske installasjonar.

«Krafthistoria er kanskje den viktigaste faktoren i utviklinga av Sauda»

Krafthistoria er kanskje den viktigaste faktoren i utviklinga av Sauda slik me kjenner det i dag. Utan kraft, ingen smelteverk. Utan smelteverk, kva då, eigentleg? Til og med kommunenamnet heng saman med den sydande fossekrafta som i alle tider har kome buldrande nedover mot fjorden. Når tida nå er ute for nokre av dei tidlegaste kraftanlegga i fjellet, er det på sin plass å vurdera om nokre av dei bør tas vare på.

Har ein karakteristiske installasjonar som ikkje utgjer nokon fare for omgivnadene, og som det heller ikkje vil vera for ressurskrevjande å ta vare på, vil det vera flott om dei kan få leva vidare – som kulturminne.