Opp til oss sjølv

Søndag blei det kjent at Indre Østfold kommune i Viken fylke denne veka stenger ned ei rekke tenester, som ein følge av høge korona-smittetal. Nedstenginga kjem som ei kraftig påminning om at pandemien på langt nær er over ennå.

Frå onsdag til søndag i førre veke blei det registrert 59 nye smittetilfelle i Viken-kommunen. Smittesituasjonen er meir alvorleg enn nokon gong under koronapandemien og situasjonen blir skildra som ukontrollerbar. Derfor er barnehagar og SFO stengt denne veka. Sjukeheimane er stengt for besøk og dei tilsette må gå med munnbind heile vakta. Bibliotek, symjehallar, øvingslokale og idrettshallar er stengt ut august. Idrettsbanar, fotballbanar, serveringsstader, treningssenter og alle sosiale møteplassar må stenga ut veka og alle arrangement, uansett type, er avlyste ut august. Som om ikkje dette er inngripande nok i folk sin kvardag, er det denne veka også lagt ned forbod mot sosiale samankomstar i privat regi. Det er med andre ord forbode å gå på besøk til ein annan.

«Møte mellom menneske medfører imidlertid auka smittefare»

Nasjonale smittetal tyder på at me nå så smått er på veg inn i neste bølge av koronasmitte. Smitteveksten kjem på ingen måte overraskande. Sommaren er for dei fleste tid for ferie og for å vera sosial. Ola og Kari Nordmann er på reisefot både til inn- og utland. Og studentar reiser frå studiestaden til heimstaden, mellom anna for å treffa venner.

Saudabuen er, som nordmenn flest, eit reisande folkeferd. Mange har i år bytta ut utlandsturen med norgesferie. Men ikkje alle. Somme reiser til utlandet – også til «raude» land. Og utlendingane er tilbake som turistar i Norge.

«eit kraftig varsku til dei som har trudd det verste er over»

Det er i høgste grad forståeleg at folk har lengta etter å vera sosiale og etter å reisa etter den mildt sagt spesielle våren me hadde. Møte mellom menneske medfører imidlertid auka smittefare, og det er naivt å tru at det ikkje vil dukka opp koronasmitte i Sauda igjen – på sikt.

Situasjonen i Indre Østfold er heilt klart ulik den me har hatt og har i Sauda når det kjem til smittetal og -spreiing. Avstanden til Sverige, der koronaviruset har fått herja langt meir fritt enn tilfellet er i Norge, er èin viktig faktor. Samtidig bør oppblomstringa den siste veka vera eit kraftig varsku til dei som har trudd det verste er over. Skal Sauda unngå å hamna i ein liknande situasjon som i Indre Østfold, må me som bur her fortsatt ta nødvendige forholdsreglar som å overhalda karantenereglar og halda avstand til kvarandre.