Tilbake til naturen

Tenk å vera tolv år og få reisa til fjells i sommarferien og ligga i telt saman med ein gjeng jamaldringar. Laga bål, fiska og steika sjølvfiska fisk over bålet. Gå på bekkevandring, padla i kano, skyta på blink med luftgevær, skeina stein i vatnet og bada. Alt utan tilgang på mobiltelefonar og andre digitale tidstjuvar.

Tidlegare denne månaden arrangerte Ronny Hauge, saman med gode medhjelparar, villmarkscamp på Fjotene, mellom Åbødalen, Helgedalen og Austarheimsdalen. Dei 16 ungdommane som var med på turen fekk oppleva både gråvêr med skodde og sommarsol, men først og fremst fekk dei ta del i friluftslivets gleder, i trygge rammer og i godt lag.

«I tidskampen mot spel og sosiale medium, må friluftslivet dessverre ofte strekka våpen»

I tidskampen mot spel og sosiale medium, må friluftslivet dessverre ofte strekka våpen. Det er i grunnen ikkje så rart. Mange unge veit ikkje kva skogsområda og fjellheimen i nærleiken har å by på av opplevingar. Dørstokkmila er dessutan tung å forsera, også for ungdommen. Dei treng med andre ord hjelp til å pakka ryggsekk og telt og komma seg ut på tur. Akkurat slik Ronny og gjengen nyleg gjorde.

Det fortreffelege med Sauda, er at me har unike leirmulegheiter kort veg frå bilveg i alle retningar. Friluftslivets gleder ligg lett tilgjengeleg for alle, og mulegheitene er endelause, ofte utan alt for mykje planlegging og førebuing. Men nokon må ta initiativet.

«Friluftslivets gleder ligg lett tilgjengeleg for alle»

Dei beste ferieminna treng ikkje å stamma frå dyre feriereiser til eksotiske omgivnader. Ofte vil opplevingane frå fjellturen heime i Sauda-traktene trumfa det meste, om ein bare får sjansen til å vera med på denne typen ferie. Det er noko å notera seg for foreldre som vil gi sine unge, håpefulle kjekke opplevingar.

Å vera fysisk aktiv i naturen og nærmiljøet fremmar både den fysiske og den psykiske helsa. Å gjera friluftslivet meir tilgjengeleg for dei oppveksande generasjonane vil derfor vera ei god, langsiktig investering i folkehelse. Derfor er det å håpa at lokale friluftsentusiastar kan få til fleire slike friluftscampar som på Fjotene, slik at alle unge saudabuar som ønsker det, kan få oppleva korleis det er å bli betre kjend med naturen omkring oss. Har ein først fått smaken på å sova og opphalda seg ute i naturen, blir ein lett hekta…