Det går mot spennande tider for hurtigbåttilbodet på Ryfylkefjordane. Statlege styresmakter står fast ved sine nye kriterier for tildeling av driftsstøtte til fylka. Det gir Rogaland fylkeskommune rundt 90 millionar kroner mindre å kjøra båt for. Det brygger opp til heftige debattar når neste års kollektivtilbod skal finansierast.
Hurtigbåtane som trafikkerer fjordane våre i dag er for dyre i drift, forureinar for mykje og bruker for lang tid til Stavanger. Utviklinga av neste generasjon hurtigbåtar har dessutan tatt alt for lang tid. Debatten om framtidas kollektivtilbod i Ryfylke skal meir over på veg er derfor relevant å ta opp. Viss ein busstur langs landevegen tar lik eller kortare tid, krev mindre subsidiering, forureinar mykje mindre og billetten bare kostar ein firedel av ein båtbillett, vil dette vera argument for ei omlegging av mange kollektivruter.
«smale vegstrekningar og område med rasfare vil utfordrar reisekomforten og tryggleiken»
Det er likevel fleire og vektige argument som talar imot å flytta meir kollektivtransport over på landevegen – særleg i Indre Ryfylke. Fleire smale vegstrekningar og område med rasfare utfordrar reisekomforten og tryggleiken til passasjerane. Båten byr på langt betre forhold for dei som vil arbeida undervegs og det er ikkje til å komma forbi at det er enklare å reisa med båten for dei som har barnevogner, rullatorar og elles mykje reisegods.
«avgjerande for å halda reisetida på eit akseptabelt nivå»
Eitt av dei aller viktigaste argumenta for å behalda hurtigbåten, er rolla båten har for skule- og arbeidspendlinga. Skal Sauda vidaregåande skule lukkast i sin kamp for å få så mange elevar frå Suldal som muleg, er dei mellom anna avhengig av gode kommunikasjonar mellom heim og skule. Hurtigbåten er i dag avgjerande for å halda reisetida på eit akseptabelt nivå. Dagens ruter gjer det òg til ein viss grad muleg å reisa kollektivt til jobb i nabokommunen.
For saudasamfunnet sin del, er det å kryssa fingrane for at fylkespolitikarane klarer å finna gode løysingar som sikrar fortsatt gode kollektivløysingar lengst nordaust i fylket. Enn så lenge finst det ikkje infrastruktur god nok til å skapa fullgode løysingar på landevegen her i distriktet. Sauda treng derfor eit godt hurtigbåttilbod – og vil trenga det i mange år framover.