Mørke skyer

Ingen kan sjå inn i framtida, heller ikkje Statistisk sentralbyrå. Framskriving av folketalet gir likevel relevante indikasjonar på korleis folketalet vil utvikla seg. Dei siste framskrivingane ber bod om utfordrande tider i sikte for Sauda.

I 1997 omtala Ryfylke SSB si framskriving mot 2020. Ifølge den prognosen, ville folketalet to tiår inn i det nye tusenåret vera 4 637. Fasiten sa 4 595. Ut over på 2000-talet kjem det nye framskrivingar som svingar litt oppover og nedover. Det er naturleg, så lenge tilflytting og talet på fødde og døde varierer. Men unntak av 2016-framskrivinga, som kom etter eit tiår med stabilt folketal, er trenden at innbyggartalet i framtida vil gå ned.

«utfordrande tider i sikte for Sauda»

Det er sjølvsagt lite hyggeleg med ein prognose som viser at folketalet i Sauda vil synka med nesten 400 frå 2020 til 2050. Den største utfordringa er likevel alderssamansetninga i kommunen. Same perioden vil innbyggarane i alderen 16 til 66 år gå ned med 600, medan den eldste gruppa blir 400 fleire. Færre arbeidstakarar og fleire eldre gir, forenkla framstilt, fleire tital millionar kroner i reduserte skatteinntekter og auka press på den kommunale helse- og omsorgstenesta. Det reknestykket går neppe opp. Betre blir det sjølvsagt ikkje av at færre innbyggarar gir færre kundar for den lokale handels- og servicenæringa, noko som vil kunna gi færre aktørar, færre arbeidsplassar og med det færre skatteinntekter.

«fleire tital millionar kroner i reduserte skatteinntekter»

Ein skal aldri stola hundre prosent på tala frå slike framskrivingar. Det presiserer også SSB, som likevel meiner prognosane bør tas omsyn til. Lokale styresmakter kjenner ofte til lokale forhold som ikkje er fanga opp av SSB-modellane. Det var sannsynlegvis tilfellet då folketalet mellom 2007 og 2016 var stabilt og faktisk steig ørlite. I løpet av desse åra fekk Sauda mange tilflyttarar frå utlandet, i alle fall fleire enn åra før og etter.

Ordførar Asbjørn Birkeland har  rett når han påpeikar at kommunen har ei positiv nettotilflytting av barnefamiliar. Eksempelvis blei det fødd 40 ungar i Sauda i 2014. Då dette kullet nyleg hadde sin første skuledag, var dei blitt 50. Dette er eit fenomen som har gått føre seg i ei årrekke, og som høgst sannsynleg er ein faktor som ikkje er tatt omsyn til i framskrivingane. Held denne trenden fram, vil dette kunna bidra til å dempa den varsla nedgangen i folketalet.

For å snu utviklinga til stabilt og veksande folketal, er det framleis det gamle mantraet om nye arbeidsplassar som gjeld.