KMLang_Sauda2x

Orientering:

To småsleivar frå KM-gull på heimebane

Jarle Solbakken einaste lokale medaljevinnar på Tjelmen.

Sauda O-klubbs Jarle Solbakken hadde ikkje mariginane på si side då han søndag sprang inn til sølvmedalje under krinsmeiserskapen i langdistanseorientering i Tjelmen-området søndag.

− Eg har nesten ikkje bomma, bare to småsleivar på 15 sekund eller der omkring, opplyste Solbakken like etter målgang ved parkeringsplassen på Storaheiå. Det viste seg å halda til sølvmedalje i klasse H-40. Etter ein dryg times postjakt i det regnvåte terrenget, blei Sauda-løparen klokka i mål på ei løpstid elleve sekund dårlegare enn Sigurd R. Oftedal frå Sandnes IL. Solbakken leia løpet heilt fram til tolvte post av i alt 14, der han tapte 35 sekund til gullvinnaren.

− Mitt beste løp i år, eg er godt fornøgd med andreplassen, slo Solbakken seinare fast.

− Eg bomma ikkje, men stoppa 20 sekund og grubla litt på veg til post 12, forklarte han.

Favorittsiger

Aller best på herresida var Jon Duncan frå Sandnes IL. Briten var favoritt i den 9,9 kilometer lange løypa, og vann til slutt nesten ti minutt foran Fredrik Omdal frå Ganddal. Duncan er tidlegare landslagsløpar for Storbritannia og VM-vinnar i stafett i 2008.

Sluttida hans var 1:14,16. Han slo dermed Sauda OK sin deltakar i H21-klassa, Lars Helge Løland med drygt 20 minutt.

God deltaking

Trass dystre spådomar om rikeleg med regn, stilte til saman 140 orienteringsløparar opp til kamp om medaljane i Sauda søndag. Starten var lagt til Tjelmen, medan målgang skjedde på parkeringsplassen på Storaheiå. Det gav løparane i overkant av 100 høgdemeter å forsera undervegs, i tillegg til ganske regntunge myrar. I orienteringssamanheng er terrenget her likevel rekna for ope og oversiktleg, noko som viste igjen i gode løpstider av dei som fann raskaste veg frå start til mål.

Heller ikkje o-sporten er som ein er vant til frå tidlegare år. Også her er det innført tiltak for å hindra spreiing av eventuell smitte. Dei tilreisande kom likevel med mange godord om arrangementet i Storaheiå.

− Folk er fornøgde både med arangement, løyper og terreng. Og då er eg òg fornøgd, kunne løypeleggar Bjørn Egil Rossebø slå fast då løpsarrangementet gjekk mot slutten søndag middag.

Løype 1, 9,9 km:

H21- (8):

1 Jon Duncan, Sandnes IL 1:14,16
7 Lars Helge Løland, Sauda OK 1:35,09
Løype 2, 6,6 km:
H40- (10):
1 Sigurd R. Oftedal, Sandnes IL 1:03,45
2 Jarle Solbakken, Sauda OK 1:03,56
7 Lars Folgerø, Sauda OK 1:22,25
Løype 3, 4,8 km:
H 15-16 (9):
1 Marcus Richter, Sandnes IL 40,20
9 Järvi Stielstra, Sauda OK 1:19,49
Løype 4, 3,3 km:

D50- (5):

1 Inger Tone Nygård, Egersund OK 38,28
5 Yolanda Dirksen, Sauda OK 1:05,25
Løype 8, 2,1 km:

H 9-10 (7):

Øystein Øye Rossebø, Sauda OK
Løype 9, 1,7 km:

N-åpen (6):

Anne Sigrid Øye Rossebø, Sauda OK

Tidlegare verdsmeister i orienteringsstafett for Storbritannia, Jon Duncan, vann ein suveren KM-tittel i Sauda i helga. Foto: Knut Atle M. Seim