Knut Saua set pris på den store dugnadsviljen i Ny Von. Her kan han fornøgd konstatera at Johnny Frøystad og Jan Erik Svandal fikser informasjonstavla på Lyngmyr, slik at den blir bra til 76-årsjubileet.
Knut Saua set pris på den store dugnadsviljen i Ny Von. Her kan han fornøgd konstatera at Johnny Frøystad og Jan Erik Svandal fikser informasjonstavla på Lyngmyr, slik at den blir bra til 76-årsjubileet. FOTO: Ingvil Bakka

Utsett jubileumsfeiringa – men gir ut hefte

Korona-restriksjonar ville gjort den planlagde feiringa både utfordrande og amputert. Nå håper leiinga i Ny Von at dei heller kan feira 76-årsjubileum i juni neste år.

– Planen var å feira 75-årsjubileet i juni. Men så kom jo korona, og feiringa blei utsett til i slutten av august. Nå har me bestemt oss for å utsetta feiringa til juni neste år heller. Det blei for mykje ”dikkedarier” knytt til dette med smittevernreglar. Me går heller for 76-årsjubileum neste år, forhåpentlegvis utan korona, seier Knut Saua, leiar i idrettslaget Ny Von i Saudasjøen.

”Me går heller for 76-årsjubileum neste år…”

Idrettslaget hadde store planar om ei barnevennleg feiring på Lyngmyr, der både opning av ein ny natursti og andre varierte aktivitetar stod på programmet.

Hadde kjekke planar

Jon Ove Mehus, som er nestleiar i Ny Von, har hatt hovudansvaret for aktivitetane som var planlagt nede på Lyngmyr-området.

– Me skulle ha hoppeslott for dei yngste, ansiktsmaling og ein ”Mesternes mester”-stafett med mange kjekke aktivitetsutfordringar. Ordføraren skulle opna naturstien og så skulle me ha grilling, forklarer Mehus.

Men så kom altså korona og sette kjeppar i hjula for planane om hoppeslott, ansiktsmaling og ”Mesterenes mester”. Igjen stod naturstien og grilling.

– Det blei også stilt krav om registrering av alle som kom, og krav om ein meter avstand og maks 200 deltakar. Me kunne risikera å måtta avvisa folk, det ville me ikkje, og valde å utsetta, igjen, forklarer Mehus.

Nå blir jubileumsfeiringa utsett til juni neste år.

Deler ut hefte

I september i fjor haust sette Ny Von ned ei nemnd som skulle jobba med å få laga eit jubileumshefte i samband med 75-årsjubileet. Det 65 sider store heftet, med namnet ”IL NY VON. 75 år med idrettsleg aktivitet i Saudasjøen” er nå ferdig trykt og klart til å bli delt ut. I neste veke vil idrettslaget dela ut heftet til alle husstandar i Saudasjøen. I tillegg vil fleire eksemplar bli lagt ut på rådhuset og i butikkar. Det er trykt opp 1500 hefte. Prosjektet har fått produksjonsstøtte frå Sparebankstiftelsen.

– Me har elles gjort dette på dugnad og deler det ut gratis. Men dei som vil betala eller støtta oss med nokre kroner, er sjølvsagt velkomne til å gjera det, seier Saua.

Hendingsrik historie

Leiar Knut Saua innrømmer at det har vore eit tidkrevande, men givande prosjekt å jobba med jubileumsheftet. Kjell Vidar Hovland og Arvid Rune Larsen har tatt spesielt ansvar for alpindelen, medan Saua sjølv, Jorunn Øye og Jan Alne har jobba med langrennshistoria. I tillegg har Ellen Marie Saua vore ein viktig bidragsytar i arbeidet med å samla inn informasjon til heftet.

– Det blei laga eit jubileumshefte til 50-årsjubileet, men då utan bilde. Det å få tak i bilde var viktig for oss nå, seier Saua, som har leia klubben sidan 2011.

Det ferdigproduserte heftet har mange gamle svart-kvitt-bilde og mange nyare bilde frå den lange historia til idrettslaget. Idrettslaget, som blei stifta like etter krigen, 8. juni 1945, har ei rik historie knytt til idrettslege aktivitetar i ”ytrabygda”. Lagets medlemmer har spesielt markert seg innan langrenn, skyting og alpine greiner. Klubben arrangerte også dei sju første Hovlandsnuten Opp-løpa.

Fleire faste arrangement

I dag tel klubben rundt hundre medlemmer. Ny Von sine faste arrangement i dag er barneskirenna på Lyngmyr om vinteren, løpet Saudasjøen Rundt, St-Hans-feiring-arrangementet på Lyngmyr, nissemarsj i jula og barneaktivitetstilbodet ”Høgt og lågt”.

I idrettslag-samanheng er Ny Von liten samanlikna med Sauda idrettslag, som har atskilleg fleire medlemmer og aktivitetar.

– Er det rom for to idrettslag i vesle Sauda?

– Åh, jada! Voss har fem idrettslag, dei. Og ”kortreist mat er ofte det beste”. Eg trur det at me er to idrettslag i Sauda skjerpar oss og gjer oss gode. Me støttar kvarandre og er ein berikelse for kvarandre og innbyggarane. Eg trur at me saman bidrar til at endå fleire driv med idrett, både som utøvarar og på leiarsida, seier Saua, som har vore Ny Von-medlem heile livet og har fleire idrettslege merittar på idretts-CV-en sin.

Ny Von har også bestemt seg for å avlysa årets Saudasjøen Rundt-arrangement, som stod på planen i september. Korona og altfor utfordrande smitevernreglar er årsaka.

Jubileumsheftet tar for seg den 75 år lange historia til idrettslaget Ny Von. Dagens leiar, Knut Saua, er ein av bidragsytarane i arbeidet med tekstar og bilde i heftet. Foto: Ingvil Bakka.