Nødvendig ansvarleggjering?

Treng ein kommune vedta eigne reglar som krev at næringslivet følger arbeidsmiljølova? I prinsippet burde sjølvsagt dette vera unødvendig. Praksis viser imidlertid at det framleis blir synda mot lova som er meint å sikra trygge tilsettingsforhold og likebehandling i arbeidslivet.

Arbeidarpartiet føreslår nå at Sauda kommune skal stilla strengare krav til serveringsbransjen i byen. Utspelet kjem samstundes som ein av dei lokale serveringsstadene er i Arbeidstilsynet sitt søkelys grunna manglande dokumentasjon kring arbeidsvilkåra til dei tilsette.

«I 2020 må det kunna forventast at alle seriøse arbeidsgivarar behandlar dei tilsette skikkeleg»

I 2020 må det kunna forventast at alle seriøse arbeidsgivarar behandlar dei tilsette skikkeleg og i tråd med minstekrava i arbeidsmiljølova. Dette er verken vanskeleg eller spesielt kostbart. Det er heller ikkje mykje arbeid til dømes å skriftleggjera avtalane mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, slik lova krev.

Dei lokale arbeidarpartilaget går ikkje inn i problemstillingane om korleis krava i forslaget deira skal etterprøvast i praksis. Det er Arbeidstilsynet som er tilsynsmynde med ansvar for å sjå til at offentlege og private verksemder innrettar seg etter krava mellom anna i arbeidsmiljølova og ferielova. Sannsynlegvis må tilsyn og oppfølging skje i samarbeid med denne statlege etaten. Også fordi gjennomgang og vurdering av framlagt dokumentasjon vil kreva spisskompetanse innan arbeidsjuss.

«ikkje urimeleg å innføra krav til arbeidsgivaren også i serveringsbransjen»

Det prinsipielle innhaldet i Arbeidarpartiet sitt forslag er det lett å slutta seg til. Ved å vedta slike reglar, tar kommunen større ansvar for å sikra at det ikkje skjer lovbrot og det som i røynda er ein form for sosial dumping berre steinkast unna rådhuset. Samtidig tar ein grep for i større grad å sikra ryddige forhold i det lokale arbeidslivet og at lokale arbeidstakarar blir behandla med respekt.

Det er tolv år sidan det kom ei eiga forskrift for å sikra lønns- og arbeidsvilkåra for arbeidstakarar i verksemder som utfører tenester og bygge- og anleggsarbeid for offentlege oppdragsgivarar. Viss det lar seg gjennomføra i praksis, er det ikkje urimeleg å innføra krav til arbeidsgivaren også i serveringsbransjen, og i andre bransjar, for den del. Det er kommunen som gir løyve til skjenking og servering, og som dermed bør kunna vedta kva føresetnader som skal ligga til grunn for tildeling og innehav av slike løyver.

Det burde vera unødvendig å vedta eigne reglar om at alle må følga lovverket. Velger kommunestyret likevel å gjera det, er krav som sikrar reale og ryddige arbeidsforhold eit godt føremål.