Geitost frå Litlastølen, Sauda

Farande folk langs fylkesvegen mot Røldal har denne sommaren kunna sjå eit nytt bygg reisa seg i «ingenmannsland», like før avkjøringa mot Dalvatn. Går alt etter planen, kjem det både geiter og stølsdrift på Litlastølen, som staden heiter, neste sommar. Det vil bli eit hyggeleg og, for mange, eksotisk innslag langs landevegen til og frå Sauda.

Norsk landbruk har gjennomgått ei radikal endring dei siste generasjonane. I 1950 talde næringa rundt 200 000 driftseiningar, mot 40 000 i dag. Trass i reduksjonen er landbruket framleis landets største fastlandsnæring, med 90 000 arbeidsplassar og ei årleg omsetning på 150 milliardar kroner.

I Sauda har landbruket som næring det siste hundreåret måtta finna seg i å leva i skuggen av industrien. Dette trass i at landbruket heile vegen har stått for ei samla verdiskaping berre eit fåtal sektorar kan matcha. Også lokalt har sysselsettinga og talet på driftseiningar gått ned med åra. Ifølge Statistisk sentralbyrå har 33 saudabuar i dag arbeidet sitt i denne næringa, mot 38 i 2015 og 62 i 2008. Det positive er at det framleis blir satsa og investert innan sektoren. Og at nydyrka areal dei siste fem åra er nesten fire gonger større enn dyrka og dyrkbart areal som er omdisponert til andre føremål.

«Tilstrøyminga av opplevingskåte turistar gir imidlertid andre mulegheiter»

For turismen i Fjord-Norge er husdyrhald avgjerande for å hindra attgroing av utmark og kulturlandskap. Det gir i seg sjølv ingen inntekter for ei hardt prøva næring. Tilstrøyminga av opplevingskåte turistar gir imidlertid andre mulegheiter for å omsetta dei naturgitte fordelane me er omgitt av til klingande mynt. Etableringa av ysteri og utsal på Litlastølen, med eigen produksjon på rundt eitt tonn geitost i løpet av sommaren, er eit godt eksempel og ei interessant etablering det blir spennande å følga.

«Den lokalt produserte geitosten kjem som eit godt supplement»

Den lokalt produserte geitosten kjem som eit godt supplement til alt etablerte lokale matvareprodusentar som satsar på utvikling og direktesal til forbrukar. I ei tid med stadig meir medvitne forbrukarar og eit auka fokus på matvaretryggleik, antibiotikabruk og berekraft, skulle føresetnadene for å lukkast i alle fall ikkje bli svekka med åra.

Innan turistnæringa snakkar ein ofte om «spikarmatter», ting langs vegen som får bilane til å stoppa. Ein støl med geiter må vera eit utmerka eksempel på ei «spikarmatte», spesielt for barnefamiliar. Har ein først stoppa, opnar ein gjerne lommeboka for å behalda den gode stemninga, dersom det er noko å få kjøpt. Både Sauda og landet elles sit på eit stort, uforløyst potensial i skjeringa mellom landbruk og turisme.