God start

På relativt kort tid er det signert intensjonsavtalar om å investera over ni millionar kroner i eit prosjekt som har til formål å vidareutvikla Svandal og Sauda som reiselivsdestinasjon. Dette er mykje pengar, spesielt sett i lys av krevjande tider i koronaåret 2020.

Skal planane om ein gondolbane kunna realiserast, er det sett som føresetnad at private krefter seier seg villige til å stilla minst tolv millionar kroner til rådvelde som ein startkapital. Så langt manglar det snautt tre millionar. Kjem dette på plass, startar arbeidet med det som fort kan bli den største utfordringa – å etablera ei berekraftig drift av gondolbaneanlegget.

Dersom målet utelukkande var å frakta folk opp i meir snøsikre område, kunne transporten høgst sannsynleg vore løyst på andre og enklare måtar. Drifta av skisenteret og tilrettelegging for vinteraktivitet utgjer imidlertid bare ein del av planen. Sjølv ein god skisesong strekker seg bare over fem av årets tolv månader. Det synes både klokt og framtidsretta å sjå nærare på mulegheitene for heilårsdrift i skisenterområdet.

«Sjølv ein god skisesong strekker seg bare over fem av årets tolv månader»

Gondolbanesaka er eit klassisk eksempel på ei sak der det er avgjerande at ein klarer å løfta blikket og tenka stort og breitt. Dei store hytteutbyggingane i Svandal tidleg på 2000-talet har hatt store positive konsekvensar for heile saudasamfunnet. Denne utviklinga ville aldri skjedd om det ikkje var for skisenteret. Ei vidare hytteutbygging i dalføret vil utan tvil vera godt nytt både for næringslivet og for inntektsgrunnlaget til Sauda kommune. Tilbod om aktivitetar både sommar og vinter vil for mange vera gode argument for å velja Sauda som sin hyttekommune.

«Ei vidare hytteutbygging i dalføret vil utan tvil vera godt nytt»

Erkjenninga av at berekraftig drift gjerne er den største utfordringa ein står overfor, har gjort at arbeidet med å finna gode løysingar på dette alt er i gang. Utviklinga av heilårsdrift er funne så interessant at Innovasjon Norge har meldt seg som samarbeidspartnar med lokale krefter. Dette er ein prosess det skal bli uhyre interessant å følga framover. Ikkje minst fordi det denne nøtta må knekkast om det skal bli nokon gondolbane.

Realitetane tilseier at mykje arbeid står att, og det framleis er større sjanse for at det ikkje blir bygd ein gondolbane enn det motsette. Skal ei lukkast med å få til eit slikt løft for reiselivsdestinasjonen Sauda som dette vil innebera, må grunneigarar, næringsliv, lokale styresmakter og interessentar vera med og dra i same retning. Så langt gir arbeidet som er gjort med å finna gode løysingar i lag god grunn til optimisme.