Tveittunet2
FOTO: Frank Waal.

Tveittunet

Nedslåande informasjon og bilete som viser forfall

Tveittunet blei restaurert og til dels bygt opp att på 1960- og 70-talet av Helmert Herheim og ein dugnadsgjeng. Løa låg nede, men Helmert og folka hans gjekk på skogen og fann trea med rette krokane, som etter saging og kutting passa korrekt inn i byggverket. Løa, som var etter dei rette måla, vart eit staseleg byggverk. Når dugnadsgjengen etter endt arbeid beskua verket mellom munnfull med mat og kaffi, var dei fornøgde. Den kvinnelege delen av dugnadsgjengen ordna med «kosthaldet».

Det var eit stort arbeid, både ute og inne, då alle sei seks bygningane måtte fiksast på. Bekken ved eldhuset vart lagt i ei veite og dekka til, og nær på alle taka måtte skiftast.

Husflidslaget og andre samla inn gamle, verdifulle ting som fekk sin heidersplass i hovudhuset, som nokre hundre år tidligare var flytta frå nedsida av vegen.

Det var søskenparet Karina og Kristen Tveit som var dei siste som budde i huset. Foreldra deira var Kristen og Ingeborg, og dei hadde fleire brør i Amerika.

Restaureringa av Tveittunet gav glede både i nabolag og i bygda elles, og var jamleg i bruk. Om somrane var det turistguide som vise både bygdefolk og turistar ikring. Det var faste gudstenester om somrane, med bondekvinnelaget som vertskap for matstellet. Smørgraut, lefser, kaffi og anna gildt vart etterspurt og selt og mykje folk fylte tunet og bakkane rundt.

Bygda var rik som var eigarar av Tveittunet. Ei vald kommunal nemnd hadde ansvar for arrangement og ettersyn.

Eg undrar på kva som er skjedd. Er det generasjonsskiftet med folkevalde med mindre interesse for gamal historie eller er det midlane som manglar? Spørsmålet eg stiller er om Sauda kommune har råd til å la Tveittunet forfalla når satsinga på turisme synest å vera det sikraste beinet å stå på?