Rundt 35 personar var samla i storesalen i Folkets Hus tysdag kveld. Tema var Saudahallen sitt potensial for å bli eit sentrum for både idrett, aktivitet og folkehelse. Andreas Fløgstad frå Tveit Regnskap leiar prosessarbeidet.
Rundt 35 personar var samla i storesalen i Folkets Hus tysdag kveld. Tema var Saudahallen sitt potensial for å bli eit sentrum for både idrett, aktivitet og folkehelse. Andreas Fløgstad frå Tveit Regnskap leiar prosessarbeidet. FOTO: Ingvil Bakka.

”Klar, ferdig, gå” for Saudahallen

Startskotet går. Den som har meiningar om utviklinga av Saudahallen må på banen nå. Om drygt to månader skal planane leggast fram for politikarane.

– Tida er inne for neste steg for Saudahallen, og nå er tida inne for å flagga behova sine. Men, me skal ikkje bygga noko luftslott. Me må samla behova og gjera ei prioritering før me kan bygga, realisera og drifta eit nytt Saudahallen-anlegg, sa kommunalsjef Eirik Daniel Fatnes, då han innleia det opne møtet i Folkets Hus tysdag.

Rundt 35 personar hadde møtt opp då Sauda kommune inviterte til innspelmøte, der tema var ei muleg utvikling av Saudahallen – Sauda si idrettsstorstove dei siste 45 åra.

I salen sat folk frå ulike grupper som i dag er brukarar av Saudahallen eller området rundt. Andreas Fløgstad frå Tveit Regnskap, som er leigd innfor å leia arbeidt med ein mulegheitsstudie, fortalde om prosessen ein ser føre seg framover.

– Kva behov finst? Og for kven? Og er det realiserbart? Slike ting må me vurdera i tida framover, sa Fløgstad.

På idéstadiet

I prosessen med stadiene ”idé”, ”prosjektering”, ”utføring” og ”drift”, er ein i dag framleis på ”idé”-stadiet. Det overordna målet er å styrka Saudahallen som eit sentrum for aktivitet, idrett og folkehelse. Rundt dette ligg ei rekke utfordringar knytt til planbestemmelsar for området, finansiering og fysiske moment som tomt, elv, vegar og naboar i området rundt Saudahallen.

– Kommunen inviterer til samarbeid både fordi gjennomføringsevna er større ved eit samarbeid, og me får involvert mange ulike grupper som får eit eigarskap til prosjektet. ”Saudamodellen” har fungert før. Viss me er mange som samlar oss om eit felles mål er muleg å få dette til. Då blir det ”litt alle sitt”, sa Fløgstad.

Klatreklubbens Olaf Årthun og Anders Skaarer informerte om ønsket deira om eit nybygg med 15 meter høge klatreveggar, muleg plassert ved sida av Saudahallen, nær Turnhallen.

– Med ein eigen klatrehall kan me frigjera tid til andre grupper inne i dagens idrettshall, fortalde Årthun.

Saudafirmaet Varicon har alt teikna eit forslag til ny klatrehall. Denne teikninga blei vist fram på storskjermen under det opne møtet.

Engasjert publikum

Fleire i salen tok ordet og ytra ønske og kom med spørsmål knytt til Saudahallen si framtid.

– Kva med taket? Kan det brukast til noko? spurde Eigil Arnfred.

Dagleg leiar i Tide Buss, Ryfylke Nord, Rune Bjugn, minna om utfordringar knytt til busskjøring i området.

– Forholda for busskjøring blir ofte gløymt. Alt i dag er det utfordrande å kjøra buss i området ved Saudahallen, minna han om.

Sauda vgs-rektor Bård Lien, var tydeleg på at skulen støttar ei utvikling av Saudahallen.

– Men alle vil ikkje få ønska sine oppfylt. Ein vil nok måtta landa på eit kompromiss, sa han.

Folkehelsekoordinator Arnhild Frøystad ytra ønske om eit bygg som inviterer til aktivitet meir eller mindre heile døgeret.

– Å samla helse og aktivitet bidrar til å ufarleggjera trening. Det er viktig å ha med i tankane. Me har her eit stort potensial å jobba vidare med, sa ho.

Frank Hansen tok til orde for at alle grupper, unge, eldre, folk med ulike fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting, også må få anledning til å bli høyrt i prosessen framover.

Planen til styringsgruppa er å laga ein mulegheitstudie, som kan leggast fram for politikarane om få månader. Først i Utval for samfunnsutvikling 17. november, og så framfor heile kommunestyret 16. desember.

– Tida er knapp, derfor er det viktig å komma på banen nå, oppfordra kommunalsjef Eirik Daniel Fatnes avslutningsvis.