I ytring i lokalavisa 28 august 2020 kjem representantar frå Fellesforbundet og LO med ei klar oppmoding til lokalpolitikarane om at dei må ta oppgåva med å fremja eit seriøst næringsliv på alvor.

Personleg må eg innrømma at eg ikkje var klar over at me i Sauda hadde lokalpolitikarar som var opptekne av å fremja eit useriøst næringsliv.

Slik det framstår i denne teksten kan det sjå ut til at dersom ein ikkje støttar opp om forslaget til Sauda Arbeidarparti når det gjeld krav til skjenke- og serveringstader så tek ein ikkje oppgåva med å fremja eit seriøst næringsliv på alvor.

Det arbeiderpartiet føresleg er følgjande:

«Sauda kommune skal stille krav om at lover og bestemmelser om økonomi, almenngjort minstelønn og arbeidsliv generelt blir fulgt. Bevillingshaver skal kunne dokumentere at lover og regler følges både når bevillingen blir innvilget og underveis i bevillingsperioden. Brudd på regelverket vil kunne føre til at kommunen vurderer bevillingshaver som uegnet til å ha /få bevilling»

Denne teksten føresleg Sauda Arbeiderparti at skal heftast  ved alle vedtak knytt til skjenke- og serveringsbevillingar.

Slik eg tolkar det eksisterer det ikkje ein einaste lokalpolitikar som ikkje er samd i at desse retningslinjene skal følgjast.

Eg dristar meg til å påstå at det heller ikkje eksisterer mange innbyggjarar som ikkje er samde i denne haldninga.

Orsaka til at underteikna med fleire stemde imot dette var at det alt eksisterer eit lovverk som regulerer desse spørsmåla og ei myndigheit som handhevar lovverket.

Arbeidsmiljølova er klinkande klar på desse punkta og Arbeidstilsynet er utøvande myndigheit.

Fellesforbundet og LO sitt tydelege hint om å stemma med arbeidarpartiet eller bli oppfatta som useriøs tykkjer eg vert nettopp berre det: Useriøst.

Dersom alle vedtak som vert fatta i retning av næringslivet skal tydeleggjera alle lovar og reglar som gjeld  vil det bli lange vedtak framover.

Kva med å minna om Brann og El forskrift, kva med fartsgrenser, eu-kontroll av køyrety, ikkje møta berusa på arbeid, mobbing, trakassering, leiga inn ulovlege transporttenester osv.

Alle desse punkta er det eit lovverk som omhandlar og ei myndigheit som utøver.

Me som stemde imot forslaget gjorde ikkje dette fordi me ikkje tek næringslivet på alvor, me gjorde det fordi me har tillit til at myndighetene som skal handheva regelverket faktisk gjer det.

Saka som vart rulla opp på ein av bygdas serveringstader er eit direkte resultat av at arbeidstilsynet fungerer.

At Sauda Arbeiderparti er på ballen og forsøker å retta opp att skuta etter to katastrofeval på rad i Sauda  har eg full forståing for, men det kan ikkje vera slik at me som ikkje støttar alle forslaga deira er useriøse.