– Bare rogalendingane sjølv kan fortella noko om korleis det er å bu og leva i Rogaland. Svara me får i denne undersøkinga blir ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for all samfunnsplanlegging i fylket vårt i åra som kjem. Derfor er det viktig at så mange som muleg svarar, helst meir enn halvparten av dei som blir direkte invitert, oppmodar fylkesordførar Marianne Chesak i ei pressemelding.
Den store folkehelseundersøkinga skjer digitalt og opna alt i går, måndag.
727 saudabuar?
Om lag 74 000 rogalendingar er tilfeldig utvalde og blir invitert til å delta i undersøkinga. Også andre innbyggarar kan delta, kravet er at ein er 18 år eller meir og busett i Rogaland. Dei 74 000 utgjer rundt 20 prosent av fylkets innbyggarar frå 18 år og oppover. Overført til Sauda-tal skulle dette innebera at om lag 727 saudabuar får invitasjon til å fortella korleis dei har det. Det treng imidlertid ikkje slå til. Dei utvalde respondentane er som nemnt plukka ut heilt tilfeldig.
– Me håpar alle ønsker å delta i dette viktige arbeidet, slik at me sikrar oss eit rett bilde av folkehelsa i Rogaland. Erfaringar frå andre fylke viser at særleg dei i 20-åra, spesielt menn, er vanskelege å få til å engasjere seg. Eg håpar og oppmodar særleg denne gruppa til å svara, seier Chesak.
Det gode liv
Ifølge folkehelsekoordinator i Sauda kommune, Aslaug Tangeraas, kan den nyleg starta helseundersøkinga gi svært nyttig informasjon for dei lokale styresmaktene.
– Me manglar grunnleggande informasjon om folkehelsa. Dette er viktige data for dei som skal planlegga framtida og prioritera ressursbruken i kommunen, forklarer ho.
– Kan du seia noko meir konkret om kva kunnskap ein er på jakt etter?
– Me trur for eksempel at vaksne i Sauda er aktive og godt trena. Men er dei verkeleg det? Me sit med antakingar om at mange, særleg blant dei eldre og spesielt nå i koronatida, er einsame. Stemmer dette, og kven er dei i tilfelle? Gjennom folkehelseundersøkinga vil me kunna få både avkrefta og stadfesta myter om helsa til saudabuen, seier Tangeraas.
– Korleis vil den nye kunnskapen kunna nyttast?
– Viser det seg at einsemd er eit utbreidd problem, må styresmaktene ta tak i dette, til dømes gjennom prioritering av arbeid med frivilligpolitikk eller etablering av fleire sosiale møteplassar – viss dette er noko folk etterlyser. Kommunen har som oppgåve å planlegga og legga til rette for det gode liv for innbyggarane. Det krev at ein faktisk veit noko om kva innbyggarane ønsker, seier Tangeraas.
Veit ein del
Sjølv om årets folkehelseundersøking er den første i sitt slag i Rogaland, betyr ikkje dette at styresmaktene står heilt utan kunnskap om helsetilstanden i befolkninga. Folkehelseinstituttet har i fleire år publisert eigne folkehelsebarometer basert på innsamla statistikk frå ei rekke offentlege kjelder. I Sauda sin profil for 2020, utmerkar kommunen seg med resultat signifikant dårlegare enn landssnittet når det gjeld kollektivtilbod for ungdom, forventa levealder for både menn og kvinner og førekomstar av hjarte- og karsjukdommar. På den andre sida er Sauda betydeleg betre enn snittet mellom anna når det kjem til vaksinasjonsdekning, valdeltaking, trygt nærmiljø, luftkvalitet, god drikkevassforsyning, lågt fråfall i den vidaregåande skulen og få personar med psykiske lidingar.