Veksesmerter?

Kommunar som opplever sterk vekst i talet på innbyggarar, opplever fort at kapasiteten til den kommunale tenesteytinga blir sett på prøve. Dette gjeld spesielt skular, barnehagar og helsevesen, men også meir generelt, til dømes innan kommunal saksbehandling. For kommuneadministrasjon og lokalpolitikarar i Sauda kan gjerne denne typen vekstproblematikk framstå som reine drøymescenarie. Imidlertid kan også hyttevekst medføra veksesmerter.

Sidan rett før årtusenskiftet har talet på fritidsbustader i Sauda kommune auka med meir enn 50 prosent, frå 805 i 1998 til 1249 ved utgangen av 2019. Samtidig har kommunestyret uttrykt ønske om å legga til rette for endå 1 000 hytter det neste tiåret. Hytteveksten har gitt, gir og vil gi gode inntekter for det lokale næringslivet. Samtidig fører alle dei nye deltidsinnbyggarane til meirarbeid for kommunen.

«meir søppel å ta hand om for den kommunale renovasjonstenesta»

Eitt eksempel på behov for auka kommunal innsats er hytterenovasjonen. Hytter som blir bygt i dag er av eit heilt anna kaliber enn det som var vanleg for nokre generasjonar sidan. Mange tar i bruk hytta både som sin andre bustad og som arbeidsplass, noko som medfører langt høgare bruk enn tidlegare. Utvida bruk fører til meir søppel å ta hand om for den kommunale renovasjonstenesta.

«Er dette ei ordning hyttefolket bør kunna forholda seg til,»

Opphopinga av søppel som ikkje går som hushaldsavfall ved renovasjonsskura i hyttefelta i Sauda den siste tida, tyder på at det er eit gap mellom tilbod og etterspurnad når det gjeld renovasjonstenester. For hyttefolk som er på hytta hovudsakleg i helgar, blir det eit problem når dei sjølv ikkje får høve til å levera anna avfall på sorteringsanlegget på Birkeland, slik fastbuande kan. Enn så lenge har ikkje kommunen noko anna å tilby enn å be hyttefolka sjølv sørga for transport av avfallet til sorteringsanlegget ved å kjøpa tenester av andre aktørar.

Er dette ei ordning hyttefolket bør kunna forholda seg til, eller bør kommunen strekka seg lenger for å ivareta hyttefolket og deira behov?

I den store samanhengen er ikkje saka om innhaldet i hytterenovasjon i seg sjølv noko stor greie. Prinsipielt inneheld denne saka likevel noko lokalpolitikarar,  kommuneadministrasjon og næringsliv bør sjå nærare på. Korleis skal Sauda arbeida for å halda på attraktiviteten som hyttekommune? Kva utfordringar kan den ønska hytteveksten gi for kommunen som tenesteytar? Og korleis skal lokalsamfunnet innretta seg etter kvart som deltidsinnbyggarane, med sine ønske og behov, utgjer ein stadig større del av befolkninga i kommunen?