Olaf Årthun og Sauda klatreklubb vil at fleire skal kjenna gleda av å forsera ein høg klatrevegg. Den nye bedriftskonkurransen skjer i denne sju meter høge veggen.
Olaf Årthun og Sauda klatreklubb vil at fleire skal kjenna gleda av å forsera ein høg klatrevegg. Den nye bedriftskonkurransen skjer i denne sju meter høge veggen. FOTO: Ingvil Bakka.

Klatreklubben startar bedriftskonkurranse

Klubben utfordrar lag frå saudabedrifter til å klatra fortast muleg opp klatreveggen i Saudahallen. Då får ein også testa ut klatreklubben sin nye ”autobelay”-sjølvsikringsmaskin.

– Ein uhøgtidleg konkurranse, mest for å finna på noko heilt nytt og kjekt, spesielt nå i koronatida. Me håper dette kan bli ein kjekk aktivitet for vaksne utover hausten, seier Olaf Årthun, leiar i Sauda klatreklubb.

Utviklande klubb

Det er snart tjuefem år sidan den lokale klatreklubben blei etablert. I starten hadde ikkje klubbmedlemmene ein eigen treningsvegg innandørs, og måtte reisa til Tysværtunet for å trena der. Etter kvart blei det bygt fleire klatreveggar inne i idrettshallen i Saudahallen, så i dag har klubben her tilgang på fleire klatreveggar, som er tre og sju meter høge og med ulike vanskegrad. Klatreveggane og den lokale klatreklubben blir stadig utvikla. Det siste nye er ein såkalla ”autobelay”-sjølvsikringsmaskin.

– Det gjer at ein ikkje er avhengig av å ha ein person som står nede på golvet og sikrar den som klatrar. Ein kan klatre åleine og sjølv fira seg sakte og trygt ned igjen, forklarer Årthun.

Populært tilskot

Per i dag har Sauda klatreklubb bare éin autobelay-sjølvsikringsmaskin. Olaf Årthun drøymer om langt fleire.

– Den gjer trening og klatring så mykje meir raskt og effektivt. Me slepper kø og får frigjort tid. Ungane synest dette er spesielt kjekt, for dei slepper å vera avhengig av at mor eller far tar rolla som sikrar, seier Årthun.

Autobelay-sjølvsikringsmaskinen har kosta over 30 000 kroner og er finansiert med støtte frå den lokale sparebankstiftelsen.

Utfordrar bedrifter

Nå ønsker den lokale klatreklubben å gå i gang med ein bedriftskonkurranse i haust.

– Me utfordrar bedrifter til å stilla med lag, og så slår me saman dei tre beste tidene til kvart lag, eit resultat som blir tellande i konkurransen. Me er inspirert av bedriftskonkurransen til Hovlandsnuten Opp. Men dette er kortare og brattare, smiler klubbleiaren.

Veggen det skal klatrast i under konkurransen er sju meter høg og den eldste klatreveggen i Saudahallen. Ifølge Olaf Årthun er det nyleg sett inn nye, store klatretak her, noko som gjer det lett også for uerfarne å forsera veggen.

– Dette kan alle klara. Klatretaka er så store og gode at ein fint kan klatra med vanlege joggesko, forsikrar Årthun.

– Kor lang tid vil ein trenga opp?

– Ein idrettsfagelev klatra opp på 7,5 sekund her ein dag. Men eg trur nok at dei aller beste kan klatra opp på fem sekund!

Klatreklubben har i dag over 50 medlemmer. Tre gonger i veka har dei treningar inne i Saudahallen. Det er onsdagskveldane Olaf Årthun og gjengen ser føre seg å sleppa til bedriftslaga.

– Alle laga får testa litt først og får to kveldar kvar, viss ønskeleg, på å laga bestetida si, seier Olaf Årthun, leiar i Sauda klatreklubb.