Djevelen er i detaljane

«The devil is in the detail», djevelen er i detaljane, slår eit kjend, engelske ordtak fast. Det har administrasjonen i Sauda kommune fått eit godt eksempel på etter at den nye kommuneplanen blei vedtatt 20. mai. Ein R i staden for ein Y i plandokumentet betyr potensielt meirabeid for administrasjon og politikarar.

«Ein R i staden for ein Y i plandokumentet betyr potensielt meirabeid»

Undervegs i tidenes mest langtekkelege kommuneplanprosess, ser skilnaden mellom BYA, bebygd areal og BRA, bruksareal ut til å ha gått både administrasjon og politikarar hus forbi. Dette trass i at rammevilkåra for hytteutbygging stadig var tema. Dermed fekk Sauda ein kommuneplan der rammene for hus- og hyttestorleik refererer til bruksareal, medan alt vedtatte reguleringsplanar for hytte- og bustadfelt rundt om i kommunen legg bebygd areal til grunn for vurdring av storleiken på omsøkte bygg. Slikt kan det fort bli mykje styr av – for ikkje å snakka om arbeid – når dispensasjonssøknadene renn inn frå tomteeigarar som brått får andre vilkår enn naboen.

Det er lov for dei folkevalde å bli oppgitt når dei får presentert ei slik sak av kommuneadministrasjonen. Når og korleis endringa har skjedd, er i skrivande stund faktisk litt uklart. Sjølvsagt kunne vakne politikarar fanga opp forskjellen undervegs. Naturlegvis kunne utbyggarar og andre interessentar løfta fram problemet med å bytta ut y-en med ein r. Likevel er det først og fremst kommuneadministrasjonen som må ta på seg den største delen av ansvaret for denne blemma. For det må openlyst vera feil å legga inn ein annan referanse for arealbruk og storleik på bygningar i kommuneplanen enn det som har vore vanleg i reguleringsplanane. Ei så vesentleg endring burde i det minste bli gjort merksam på overfor organet som fattar det endelege vedtaket i saka, dersom bruksareal-referansen er lagt inn bevisst.

«Kommuneplan-BRA-en samsvarer dårleg med reguleringsplan-BYA-ane»

Kommuneplan-BRA-en samsvarer dårleg med reguleringsplan-BYA-ane og med kommunen sitt uttrykte mål om generell fortetting. Det er sjølvsagt kjedeleg å måtta ut på nye behandlingsrundar med tilhøyrande høyringar, spesielt med omsyn til den omfattande og tidkrevjande prosessen bak vedtaket 20. mai.

Når kommuneleiinga nå føreslår å endra den nyleg vedtatte planen, synest dette imidlertid å vera det einaste rette å gjera.