Alle blei einige til slutt om å senda eit tydeleg flyktning-signal til regjeringa. På bildet ser me Andreas Brekke (Sp), Aud Hege J. Hebnes (H) og Dagfinn Birkeland (H).
Alle blei einige til slutt om å senda eit tydeleg flyktning-signal til regjeringa. På bildet ser me Andreas Brekke (Sp), Aud Hege J. Hebnes (H) og Dagfinn Birkeland (H). FOTO: Ingvil Bakka.

Sauda vil ta imot Moria-flyktningar

Temaet skapte stor debatt i kommunestyret, men vedtaket blei einstemmig til slutt.

– Eit viktig signal. Sauda kan ta imot 20, då kan Norge ta imot fleire enn 50, sa Senterpartiets Sigrid Bojesen Fatnes under debatten i kommunestyret onsdag.

Det var ho som i slutten av det fire timar lange møtet la fram forslag om å be ”instendig regjeringa om å ta imot fleire flyktningar frå leiren Moria på Lesvos”, og om å fortella regjeringa at ”Sauda kommune er positive til å vera med å busetta flyktningar og me kan ta imot minst 20 menneske.”

Ønska utsetting

Ordførar Asbjørn Birkeland informerte deretter om at det er fullt muleg å ta opp saker ”på direkten” i eit møte, så sant ikkje ordførar eller ein tredel av kommunestyret set seg imot dette.

Høgres Aud Hege Jørgensen Hebnes tok ordet og opna med å fortella at ho først tysdag kveld blei informert om at dette forslaget vill bli lagt fram for kommunestyret.

– Det går litt på respekt og me andre blir litt ”knebla” når me ikkje får tid til å setta oss inn i saka. Dette har skjedd litt for ofte, sa ho, men påpeika at ho er einig i at saka er viktig.

– Men er me godt nok rusta til å ta imot flyktningar nå? Kven skal organisera dette? Me har tatt imot barnefamiliar før, Nå er det snakk om ungdommar. Dette kan ikkje samanliknast med situasjonen i 2015, sa ho, som alle helst ønska å utsetta saka for å innhenta meir informasjon og uttalar frå blant andre helsevesen, politiet, Nav og andre.

– Me må ikkje bruka denne saka som ein reklameplakat for ”positive Sauda”. Me må behandla saka seriøst, åtvara ho.

Motinnlegg i kø

Hennar innlegg utløyse ei rekke motinnlegg frå andre parti.

– All ros til Fatnes for forslaget. Regjeringa si haldning er bare pinleg. Korleis og kva og alt det der, det får me til, sa Kristian Landro frå Kristeleg Folkeparti.

Også Arbeidarpartiets Fredrik Larsson rosa forslaget til Sp-Fatnes.

– Desse flyktningane har ingenting. Dei har ein grusflekk med oske på, sa han.

SVs Øyvind Grassdal meiner det hastar å senda tydeleg signal til regjeringa.

– Det brenn på dass og det har brent lenge. Me har ikkje tid til å venta. Me skulle ha handla i fjor, sa han.

Senterpartiets Vegard Birkeland Rød sa at han i enkelte andre saker, til si store undring, har vore einig med Høgre.

– Men nå er eg heilt ueinig med Høgre igjen, så ting er tilbake til normalen. Eg støtter Fatnes hundre prosent, og eg er einig med Landro: Me fikser dette.

Diskuterte tala

Per Aksel Birkeland sa han ønska eit samla kommunestyre bak oppmodinga og lurte på om ein kunne droppa talfestinga i ordlyden. Aud Hege Jørgensen Hebnes tok igjen ordet.

– Eg skjønte fort at eg blir synomym med regjeringspartiet Høgre her. Eg er einig i at 50 er flaut. Men eg synest det er litt ”bajas” å bare konstatera at ”me fikser det”. Me må ikkje vera så naive. Kan me ta vekk siste setninga i forslaget? spurde ho og la inn forslag om dette.

Forslagsstillar Sigrid Bojesen Fatnes motsette seg dette, og meinte at nettopp talet var viktig for å visa regjeringa at 50 er altfor lite.

Ordførar Asbjørn Birkeland minna dessutan om at forslaget handla om å busetta folk, ikkje om å ta imot folk direkte frå Moria-leiren.

– Folk må på mottak først. Nå snakkar me om at me som kommune buset folk, altså er neste ledd i mottaksprosessen, forklarte han.

Endringsforslaget til Jørgensen Hebnes, om å kutta siste setning, fekk bare fem stemmer og blei nedstemt. Deretter blei det stemt over forslaget til Sigrid Bojesen Fatnes. Forslaget blei då einstemmig vedtatt.