Alle må ha mat

Daglegvarehandelen i Sauda kan totalt sett sjå tilbake på eit godt 2019. Det ville ikkje vore tilfelle utan dei mange hyttefolka som vel å kjøpa matvarene sine lokalt.

«Å ha tre veldrivne matbutikkar å velja mellom, er eit gode»

Med tre daglegvareaktørar frå tre ulike kjeder på plass i kommunen, har Sauda eit etter måten godt tilbod innan dette segmentet. Valfridom og variasjon er eit gode mange set pris på. Å ha tre veldrivne matbutikkar å velja mellom, er eit gode for saudasamfunnet.

I tillegg til å forsyna både saudabuar, hyttefolk og dagsturistar med mat, representerer dei tre daglegvareforretningane også viktige arbeidsplassar. I eit stadig meir spesialisert og kompetansekrevjande samfunn, står matbutikkar igjen som èin av dei få stadene der det framleis er muleg å få seg ein jobb utan å ha utdanning. Dermed fungerer daglegvarebransjen, med sine over 50 000 sysselsette nasjonalt, som ei viktig dør inn i arbeidslivet for personar som av ulike grunnar ikkje kan skilta med utdanninga det blir stilt krav om i andre bransjar. Ikkje minst får mange skuleelevar og studentar høve til å tena eigne pengar gjennom kvelds- og helgejobbar innan denne sektoren.

«Dermed fungerer daglegvarebransjen, med sine over 50 000 sysselsette nasjonalt, som ei viktig dør inn i arbeidslivet»

Daglegvarebutikkane er tradisjonelt blant bedriftene som haustar gode ekstrainntekter frå hyttefolk og andre gjester i kommunane. Betydninga av hyttefolket blir i dagens avis stadfesta av regiondirektør i Coop, Trygve Vikse, som fortel om markant omsettingsnedgang i tida då hyttefolket ikkje fekk kryssa kommunegrensene for å besøka hyttene sine. Basert på ein forskingsrapport utarbeidd av Telemarksforskning, Agderforskning og Senter for økonomisk analyse på vegner av regjeringa, bidrar hyttefolket i Sauda med ei stipulert omsetning i varehandelen på nær 30 millionar kroner i året.

Det er liten tvil om at daglegvarebransjen er blant den delen av næringslivet lokalt som vil profittera mest på at saudasamfunnet held foten på gasspedalen i arbeidet med å tiltrekka seg nye innbyggarar. Forklaringa er sjølvsagt så enkel som at alle må ha mat. Jo fleire som oppheld seg i kommunen, jo større er behovet. Fleire fastbuande vil sjølvsagt gi best uttelling, men for tida ser det ut til å vera enklare å lokka til seg deltidsinnbyggarar til den stadig veksande hyttekommunen Sauda. Det vil ikkje vera underleg om daglegvareaktørane inntar aktive roller i arbeidet med å bygga lokal attraktivitet.