«LKT», med frå venstre Liva Sørnes, Kristiane Teig og Toralf Garatun Rusten, skal representera Sauda når Ryfylkealliansen ved Tor Øyvind Skeiseid (til høgre) inviterer dei skarpaste quizlaga frå ungdomsskulane i Ryfylke til duell på Hjelmeland 21. oktober.
«LKT», med frå venstre Liva Sørnes, Kristiane Teig og Toralf Garatun Rusten, skal representera Sauda når Ryfylkealliansen ved Tor Øyvind Skeiseid (til høgre) inviterer dei skarpaste quizlaga frå ungdomsskulane i Ryfylke til duell på Hjelmeland 21. oktober. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Quizza seg til Hjelmeland

Trioen Liva, Kristiane og Toralf skal forsvara Sauda si ære i årets Ryfylkequiz-finale.

− Nivået her er høgt! Gjennomsnittspoengsummen ved Sauda ungdomsskule er god, kunne quizmaster Tor Øyvind Skeiseid fortella då han innleia den lokale finalen i ryfylkequizen fredag. Dei tre laga som kvalifiserte seg til skulefinalen, scora alle betre enn lærarane sitt lag i kvalifiseringsrunden.

For å nå finalen måtte elevane svara på spørsmål mellom anna om kva som er den største tettstaden i Ryfylke, kor langt under havflata Ryfylketunnelene er på det djupaste, kva slag fisk Sterling White Halibut driv med oppdrett av og kva som er namnet til Norges eldste bevarte middelalderkloster.

Ekstra ekstraomgangar

Finalerunden bestod av fire omgangar der kvart lag fekk velja èin kategori blant seks alternativ og leiarlaget etter tre omgangar fekk velja den siste finalekategorien. Alt etter den første omgangen skilde to av laga seg ut, og det  blei klart at kampen om finaleplass på Hjelmeland i oktober ville stå mellom desse to; «LKT» og «Intelligente folk».

«Intelligente folk» var best i kvalifiseringa, og fekk derfor velja første kategori. Valet fall på sport. Her måtte deltakarane mellom anna setta rett fotballag til rett stadion i Ryfylke. «LKT» tar første stikk, og leiar med eitt poeng etter første runde. I runde to, med mat som tema, slår «Intelligente folk tilbake og utliknar leiinga. Runde tre gir nok ein eittpoengssiger til «Intelligente folk», som går i tet. I løpet av den fjerde og siste finalerunden aukar leiinga til to poeng, før «LKT» kjem tilbake og utjamnar stillinga. Det står 34-34 mellom dei to laga. Dermed må det ekstraomgangar til. Temaet er framleis Ryfylke, og no ting som byrjar på bokstaven S.

Der er dei to like gode. Det blir ny ekstraomgang. Og nå er det «sudden death».

Avgjerda kjem på spørsmålet om kva for ein ryfylking som står bak songen «Gammal drøm». «LKT» er kjappast, og dei svarar rett: Bjørn Eidsvåg.

Dermed vinn «LKT», med Liva Sørnes, Kristiane Teig og Toralf Garatun Rusten frå klasse 9B. Premien, forutan å vinna tittelen som beste quizlag i niande klasse ved Sauda ungdomsskule, er ein tur til Hjelmeland, der dei skal møta lag frå dei andre ungdomsskulane i Ryfylke til quizfinale i oktober.

Finalen blir sendt direkte via internett for alle som har lyst til å følga «LKT» sin kamp for heider og ære på Hjelmeland.

Sauda har så langt ikkje klart å gå heilt til topps i ryfylkequizen.

Identitetsbygging

Ryfylkequizen blir i år arrangert for femte gong. Arrangementa skjer i regi av Ryfylkealliansen, som òg reiser rundt til alle ungdomsskulane i regionen med mål om å læra åttandeklassingane om Ryfylke. Dette året har Covid-19 ført til at quizen er utsett frå vår til haust, og åttandeklassingane er følgeleg blitt niandeklassingar.

Ryfylkealliansen, som blei skipa i 2008, arbeider for å fremma bulyst, identitet og verdiskaping i Ryfylke gjennom langsiktig merkevarebygging. Alliansen har 170 medlemsbedrifter, mange av dei i Sauda.