Grunnskuleelevane i Sauda får tidlegare sommarferie enn det som var planen. Til gjengjeld må dei gå på skulen tre dagar ekstra før jul.
Grunnskuleelevane i Sauda får tidlegare sommarferie enn det som var planen. Til gjengjeld må dei gå på skulen tre dagar ekstra før jul. FOTO: Knut Atle M. Seim/arkiv.

Endra skuleruta i september:

Skulegang fram til vesle julaftan

Elevane i grunnskulen i Sauda får likevel ikkje 16 dagar juleferie dette skuleåret. – Først og fremst faglege vurderingar bak avgjerda, seier Sauda kommune.

Skuleruta, oversikten over skuleslutt, skulestart, feriar og fridagar i skulen, blir vanlegvis fastsett i januar/februar. Med unntak av flytting av enkelte kursdagar for lærarar, då elevane får fri, har ikkje denne planen blitt endra i løpet av året. Det kom derfor overraskande på mange då starttidspunktet for jule- og sommarferien i det inneverande skuleåret nyleg blei flytta. Konkret blir siste skuledag før juleferien flytta frå fredag 18. til onsdag 23. desember. Til gjengjeld går elevane ut i sommarfri fredag 18. juni i staden for å venta til sankthansaftan, 23. juni.

– Får meir ut av undervisninga

Ifølge kommunalsjef kultur og oppvekst, Jakob Svandal, er det fleire grunnar til at ein nå har valt å gjera om på årets skulerute.

– Eg meiner elevane våre får meir ut av undervisninga 21. – 23. desember enn 21. – 23. juni. Dette gjeld særleg for 10. klasse, som då er ferdig med alle eksamenar. Det var òg stor motstand mot å gå på skulen fram til 23. juni då me drøfta skuleruta sist skuleår, mellom anna fordi ein synest dette var for seint og fordi det var uheldig å slutte med ei halv veke. Eg blei vidare kontakta av fleire foreldre som hadde utfordringar med å skaffa barnevakt for dei minste skuleungane som gjekk ut i tidleg juleferie. Dei fleste arbeidstakarar jobbar fram til 23. eller 24. desember, så den ser eg. Det var muleg å gjera denne endringa, og basert på ei totalvurdering, valte me å snu på skuleruta, forklarer Svandal.

FAU einige

– Denne endringa kom gjerne litt brått på for mange?

– Det har gått fort i svingane, ja, medgir Svandal. Forslaget om å endra skuleruta er imidlertid drøfta med kommunalt foreldrearbeidsutval (FAU), som einstemmig gjekk inn for å gjera dette. Saka er også tatt opp med hovudtillitsvalde for Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Skolenes landsforbund, som seier medlemmene er delte i synet. Til slutt er det leiinga i oppvekst, det vil seia rektorane og eg, som avgjer det heile, forklarer han.

– Vil ikkje barnevaktproblemet bare forskyva seg til i sommar?

– Då har me tilbod om sommar-SFO. Juleferie-SFO ligg ikkje inne i arbeidsavtalen til dei tilsette ved fritidsordningane, forklarer Svandal.

– Kva med dei som eventuelt har planlagt å reisa vekk på juleferie frå 18. desember?

– Me er klar over at det kan vera ei problemstilling. Er det vanskeleg å gjera om på planane, går det an å søka elevane ut av skulen desse dagane.

Samkjørte

Ifølge Svandal blir modellen ein nå har lagt seg på, med skule lenger fram mot jul og tidlegare avslutning om sommaren, lagt til grunn også dei kommande skuleåra.

– Kommunane i Nord-Rogaland er einige om å legga seg på den linja, og er stort sett einige om ei felles skulerute fram til 2024, opplyser han.

– Kva med å samkjøra med skuleruta til den vidaregåande skulen?

– Me hadde eit samarbeid her før, men ikkje nå lenger. Den vidaregåande skulen har litt andre mulegheiter til å vera fleksible enn me har. Ti dømes avslutta dei skuleåret èi veke før planen i vår, grunna pandemien, avrundar Jakob Svandal, kommunalsjef kultur og oppvekst i Sauda kommune.