åbøbyen bebyggelse2
FOTO: Knut Atle Seim/arkiv.

Åbøbyen i både fortid og framtid i sogelaget

Tema for tysdagens møte i Sauda sogelag var Åbøbyen med fokus på dei mest kjende kulturminna frå industrireisinga for 100 år sidan. Arkitekt, Kirsten Hellerdal Fosstveit, fortalde først om konsesjonsvilkåra for å etablera fabrikken og presenterte så EFP sine interessante intensjonar: «Vi agter at bygge det sundeste og bedst utstyrte fabrikanlæg i sit slag i Norge – et anlæg som vil bli til ære baade for Norge, distriktet, regjeringen og os selv.»

Avisoppslag i Dagbladet frå 1928 stadfestar at amerikanarane har regulert Åbøflaten etter «hagebyprinsippet» som uttrykker optimisme og framtidstru med mykje lys, luft og grønt. Ei forklaring kan vera at direktør Sneath også var utdanna arkitekt, og han var påverka av City-Beautiful-rørsla, ein parallell til nemnde hagebyen, men han fekk kanskje også hjelp frå nøkkelpersonar som Sigurd Kloumann og Ingolf Eide. Med ein stor stab på byanlegget fungerte altså Sneath`s park og tennisbanane som moderne merkevarebygging eller vårt ansikt utad. Det er lett å bli imponert over Sneaths framsynte tankar: »Sauda skal ikke bare være en god arbeidsplass, men også et hyggelig og godt bosted for alle, så de kan føle velvære og glede seg over skjønnheten i Sauda og omegn.»

Fosstveit krydra det interessante foredraget med bilete og illustrasjonar frå periodar med både prakt og forfall medan ho venta på aktuelle planar frå Åbøbyens Venner, presentert av leiaren, Odd Magne Lønseth ( vel å merka etter coronasikker matpause med utradisjonell sogelagsmat i Storesalen på Folkets Hus).

Lønseth orienterte først om intensjonen bak den nystarta, «globale» foreininga med 127 medlemmer kor alle kan melda seg inn! Sauda-modellen med solid dugnadsånd og samarbeid mellom offentlege/private kan visa til suksess i Svandalen, Utebassenget og Folkets Hus, så kvifor ikkje? Aktuelle område for rehabilitering er først og fremst Sneath`s park og Tennisbanane pluss eventuelt to leikeplassar. Mykje arbeid er gjort for å skaffa info, og både kommunen som eigar og andre faglege instansar har vore kontakta og rådført. Planar for finansiering av eit prosjekt til seks millionar krev også planlegging og solide søknadsprosedyrer. Det høyrer med til historia at eit par av barnebarna til direktør Sneath besøkte Sauda i 2018 og visstnok lova nokre? «yankee dollar» som det heiter i revyvisa. Når tennisbanane stod ferdige i 1921, to år før første tappen på ovnshuset, er det lett å tenka at direktøren må ha vore ein ihuga tennisspelar, men faktum er at det var fru Sneath som var interessert i tennis.

På planen framover står nye møte, bl.a. eit åpent informasjonsmøte i oktober, og orientering for kommunestyret i november/desember. Me satsar sjølvsagt på JA frå kommune og andre «hjelparar» slik at det kan bli positive, synlege endringar i Amerikabyen vår i 2021!

Styret i sogelaget evaluerte straks sitt første møte på Folkets Hus, og dei konkluderte med at Storesalen er eit godt og praktisk lokale i desse tider.